Kor mykje kan du få
Her er ei oversikt over kor mykje støtte du kan få dersom du begynner ei ny utdanning frå hausten 2006.
Kor mykje du får i støtte til utdanning i utlandet varierer alt etter kva slags utdanning du tek, på kva for ein lærestad du tek ho, kva nivå du er på og kvar i verda du skal vere.
Støtta delast inn i tre hoveddeler:
- Basisstøtte
- Støtte til skolepengar
- Støtte til reiser
Til utvalde lærestader med særleg høge skolepengar i land utanfor Norden vil du kunne få tilleggsstipend.
Dersom du har barn, kan du også ha rett til eit forsørgjarstipend.
Basisstøtta
Basisstøtta er lik for alle som tek høgare utdanning. I løpet av eit undervisningsår (ti månader) får du til saman 82 900 kroner i støtte. Av dette beløpet kan opptil 40 prosent, det vil seie 33 160 kroner, bli gjort om til stipend dersom du består eksamen og ikkje tener meir eller har større formue enn Lånekassen sine fribeløp. Du må sjølv sende inn vitnemål som viser at du har bestått utdanninga di for at vi skal gjere om ein del av lånet ditt til stipend.
Les meir om omgjering av lån og stipend.
Studentar i utlandet får til vanleg støtta utbetalt i begynninga av kvart semester.
Støtte til skolepengar
I tillegg til basisstøtta kan du få støtte dersom du må betale skolepengar. Det er ulike ordningar for støtte til dekning av skolepengar for utdanning i Norden og for utdanning utanfor Norden. Ver merksam på at støtta til skolepengar ikkje blir gjort om til stipend når du er ferdig med utdanninga di.
Utanfor Norden kan du få opptil 104 120 kroner i skolepengestøtte per år. Skolepengestøtta blir gitt i normert studietid.
- Støtta blir gitt med 50 prosent som lån og 50 prosent som stipend på bachelornivå av faktiske skolepengar opptil kr 53 240. Betaler du skolepengar utover dette, blir resten gitt som lån.
- Tek du utdanning på masternivå, blir 30 prosent gitt som lån og 70 prosent gitt som stipend av faktiske skolepengar opptil kr. 53 240. Betaler du skolepenger utover dette, blir resten gitt som lån.
- Til Ph.D-utdanning får du heile skolepengestøtta som lån.
Lånekassen kan gi eit tilleggsstipend til einskilde lærestader og utdanningar utanfor Norden med særskild høge skolepengar.
Innanfor Norden kan du få låne maksimalt 50 000 kroner per år til å dekkje skolepengar.
Støtte til reiser
Reisestøtta varierer alt etter kvar du skal studere.
Gå vidare til støttekalkulatoren eller sjå kor mykje støtte du kan få