Utdanning på masternivå
På denne sida kan du sjå eit konkret eksempel på kor mykje du kan få i støtte til utdanning i utlandet utanfor Norden på masternivå.
Vi deler støtta inn i tre hovedtypar: basisstøtte, skolepengestøtte og tilskott til reiser. Les meir om støttetypane.
Utdanning på masternivå
På masternivå blir skolepengestøtta gitt som 70 prosent stipend og 30 prosent lån av dei første 53 240 kronene du betaler i skolepengar. Skolepengar utover dette blir gitt som lån opp til maksimalt 104 120 kroner i året per år.
Regnestykket forutset at du tar opp maksimalt lån alle år, og at alle eksamenar er bestått. Alle tal i tabellane er oppgitt i norske kroner.
| Type støtte |
Per år |
Lån |
Stipend |
| Basisstøtte |
82 900 |
49 740 |
33 160 |
| Skolepengestøtte |
104 120 |
66 852 |
37 268 |
| Til sammen |
187 020 |
116 592 |
70 428 |
| Totalt lån til toårig mastergrad når eksamen er bestått |
Totalt stipend til toårig mastergrad når eksamen er bestått |
| 233 184 |
140 856 |
- Tillegg for reiser er ikkje tatt med i denne oversikta. Det vil variere etter kvar du skal studere. Les meir om reisetillegget
- Ved einskilde utvalde lærestader med spesielt høge skolepengar kan det òg bli gitt eit tilleggsstipend. Les meir om tilleggsstipendet her
- Forsørgjarstipend til deg som har barn er ikkje teke med i oversikta.Gå til støttekalkulatoren for å finne ut kor mykje du kan få inkludert tilskott til reiser og eventuelt forsørgjarstipend.