Fastrenta litt opp frå 1. juli
Fastrenta frå 1. juli går opp til 4,3 prosent, medan den flytande renta framleis går ned.
Lånekassen tilbyr fast rente på 4,3 prosent frå 1. juli 2004. Denne satsen gjeld ved binding i tre år. For dei som vil binde renta i fem år, er satsen 5,1 prosent. Den flytande renta er 3,0 prosent frå det same tidspunktet, men den vil truleg gå litt ned frå 1. oktober.
Fastrenta opp, den flytande ned
For binding i tre år ligg dette fastrentetilbodet 0,4 prosentpoeng over det tilbodet som gjaldt frå 1. april i år, og for binding i fem år ligg det 0,6 prosentpoeng over det forrige. Den flytande renta har ikkje nådd botnen enno, for her viser prognosane at den går ned til 2,8 prosent frå 1. oktober, om ein føreset at rentenivået held seg uendra ut juni.
-Den flytande renta har eit lengre tidsetterslep i forhold til marknaden enn den faste renta, men begge følgjer svingingane i rentemarknaden, seier fungerande direktør i Lånekassen, Magne Mevold.
Må vurdere sin eigen økonomi
-Kundane må først og fremst vurdere sin eigen økonomi når dei skal velje mellom fast og flytande rente. Fast rente er ein måte å tryggje seg mot auke i renteutgiftene på. Har du ikkje behov for denne tryggleiken, kan flytande rente vere alternativet for deg, seier Mevold.
Dei som vil ha fast rente, kan søkje via Dine sider her på nettstaden eller Kassafonen, telefon 04545. Søknadsfrist er 10. juli 2004. Dei som ikkje aktivt vel fast rente innan fristen, får flytande rente frå 1. juli.