Ny rekord for renta i Lånekassen
Frå 1. oktober 2004 går den flytande renta i Lånekassen ned frå 3 prosent til 2,8 prosent.
Lånekassen sitt fastrentetilbod frå 1. juli er på 4,3 prosent for binding i tre år og 5,1 prosent for binding i fem år. Tilbodet gjeld til 10. juli.
- Renta på studielån har berre vore lågare éin gong i Lånekassen si historie, og det var i 1947, då den var 2,75 prosent, seier fungerande direktør i Lånekassen, Magne Mevold. -Vi gler oss over at renta er låg, fordi vi reknar med at låg rente gjer tilbakebetalinga lettare for mange, seier han.
Mevold kan ikkje seie om renta no har nådd botnen. - Den flytande renta etter nyttår er avhengig av marknadsrenta i tredje kvartal i år. Vi har eit tidsetterslep på den flytande renta, slik at renteendringane hos oss alltid kjem tre til seks månader etter privatbankane, seier Mevold. Han understrekar at kundane får fordelen av dette etterslepet når rentene ein gong går opp igjen. Då er Lånekassen tilsvarande sein med å setje opp rentene.
Mevold ber kundane vurdere sin eigen økonomi når dei skal velje mellom fast og flytande rente. Han minner om at det viktigaste med fast rente, er at ein ikkje blir overraska av auka utgifter.
Dei som vil ha fast rente, kan søkje via Dine sider her på nettstaden eller via Kassafonen, telefon 04545. Søknadsfristen er 10. juli 2004. Dei som ikke søkjer om fast rente innan fristen, har automatisk flytande rente.