Nærmare tusen vil ha fast rente
To dagar før fristen går ut, er det nærmare tusen som har søkt om fast rente frå 1. juli.
Interessa for fast rente frå 1. juli er avgrensa, om vi tek omsyn til at at det er rundt 200 000 som no har sjanse til å velje fast rente på studielånet sitt. Til no har 820 kundar søkt om fast rente på 4,3 prosent i tre år, medan 142 kundar har søkt om fast rente på 5,1 prosent i fem år.
Det er totalt rundt 140 000 kundar i Lånekassen som allereie har ein fastrenteavtale. Rentesatsane på desse avtalane spenner frå 3,9 prosent til 7,6 prosent.
Dei som vil binde renta frå 1. juli, må gjere det seinast 10. juli. Les meir om dette i høgremargen.