Fastrenta litt ned frå 1. oktober
Fastrenta går ned til 4,0 prosent for tre års binding og 4,6 prosent for fem års binding.
Den flytande renta er 2,8 prosent frå det same tidspunktet, og ho vil truleg halde seg om lag der også i første kvartal 2005.
For tre års binding ligg dette fastrentetilbodet 0,3 prosentpoeng under det tilbodet som gjaldt frå 1. juli i år, og for fem års binding ligg det 0,5 prosentpoeng under det forrige. Prognosen for den flytande renta viser at ho går opp til 2,9 prosent frå 1. januar 2005, dersom rentenivået held seg på dagens nivå ut september månad.
Vent til etter 1. oktober
-Den flytande renta frå 1. januar vil bli fastsett 1. oktober, opplyser fungerande direktør i Lånekassen, Magne Mevold. Kundane vil då få eit betre grunnlag for å velje mellom fast og flytande rente.
-Kundane må først og fremst vurdere sin eigen økonomi når dei skal velje mellom fast og flytande rente. Fast rente er ein måte å sikre seg mot auka renteutgifter på. For dei som ikkje har behov for denne tryggleiken, kan flytande rente vere eit alternativ, seier Mevold.
Dei som vil ha fast rente, kan søkje via Dine sider her på nettstaden, eller via Kassafonen, telefon 04545. Søknadsfristen er 10. oktober 2004. Dei som ikkje aktivt vel fast rente innan fristen, får flytande rente frå 1. oktober.