Papirløysinga

Studentar ved universitet og høgskolar får no gjeldsbrevet i postkassen og ikkje til lærestaden som tidlegare. Elevar og studentar ved andre lærestader må framleis hente gjeldsbrevet på lærestaden.

Gjeldsbrevet rett heim

Vi sender gjeldsbrevet heim til deg. Det går til den folkeregistrerte adressa di dersom du ikkje har lagt inn ei anna adresse på Dine sider, f.eks. hybeladressa di. Det er berre norske studieadresser vi godtek.

 

Elevar og studentar ved andre lærestader må framleis hente gjeldsbrevet på lærestaden. Dei må òg signere det og sende det tilbake til Lånekassen. Etter det, får dei pengane rett på konto.

 

Førebels vedtak

Vi sender deg gjeldsbrevet før vi veit om du har opptak og rett til å gå opp til eksamen det aktuelle semesteret. Du får altså gjeldsbrevet som eit førebels vedtak før det er heilt sikkert at du får pengar. Etter at vi har fått tilbake det signerte gjeldsbrevet frå deg, kontrollerer vi at du har opptak og rett til å gå opp til eksamen for det aktuelle semesteret. I tillegg sjekkar vi at du eig den kontoen du har oppgitt. Kontoopplysningane får vi frå skatteetaten.

 

Ordninga steg for steg

  1. Lånekassen sender gjeldsbrevet (vedtaket om stipend og lån) heim til deg i posten
  2. Du signerer og returnerer det til Lånekassen. Du kan berre sende tilbake det originale gjeldsbrevet, Lånekassen godtek ikkje faks eller kopi. Dersom du ikkje sender orgialen, tek det lenger tid før du får pengane dine
  3. Lånekassen kontrollerer opptak og kontonummer
  4. Vi set pengane inn på kontoen din