SMS og e-post

No kan du bli varsla om behandlingstida på studielånet. Du kan få beskjed om alt frå at vi har motteke søknaden din til at vi set pengane inn på kontoen din. Alt du treng å gjere er å leggje inn e-postadressa di  eller mobiltelefonnummeret ditt på Dine sider.

Vil du velje å signere gjeldsbrevet elektronisk, må du også gi oss e-postadresse eller mobiltelefonnummer. Vil du velje papirgjeldsbrev, bestemmer du sjølv om du vil motta meldingane. Tenesta er gratis i begge tilfellene.

Alle får minst ei melding

Dersom du har gitt oss mobilnummer eller e-postadresse, får du:

  • informasjon om kvar og når vi sender gjeldsbrevet ditt

Meldinga inneheld ikkje beløp eller andre personlege opplysningar.

Fleire meldingar

Lånekassen sender også ut melding til deg dersom

  • søknaden din er motteken og må til behandling hos ein saksbehandlar
  • du har gløytmt å signere gjeldsbrevet
  • Lånekassen har fått gjeldsbrevet i retur frå Posten
  • du ikkje sjølv eig kontoen du har oppgitt
  • alt er ok, bortsett frå at vi manglar informasjon om retten din til å gå opp til eksamen det aktuelle semesteret
  • du ikkje har signert det elektroniske gjeldsbrevet etter 7 dager og at vi difor sender deg eit papirgjeldsbrev
  • pengane er overførte