Den flytande renta litt ned frå april 2005

Den flytande renta blir 2,8 prosent frå 1. april 2005. Det er 0,1 prosentpoeng lågare enn renta er no.

Den flytande renta er i dag på 2,9 prosent og går ned til 2,8 prosent frå 1. april 2005. Satsen vil då vere identisk med den rentesatsen som gjaldt før nyttår.

Fastrenta frå 1. januar er 3,7 prosent for tre år og 4,3 prosent for fem år. Fristen for å søkje om fast rente er 10. januar.

Følgjer marknaden
Bertil Tiusanen, direktør i Lånekassen, kan ikkje seie noko no om fastrentetilbodet frå 1. april, sidan det er rentenivået på statsobligasjonar i februar som avgjer det. Den faste renta fangar opp endringar i marknaden raskare enn den flytande renta gjer, og det skuldast måten renta i Lånekassen blir fastsett på. I begynnelsen av mars går Lånekassen ut med det neste fastrentetilbodet.

- Renta i Lånekassen følgjer renteutviklinga i marknaden, men vi har eit tidsetterslep på den flytande renta. Renteendringar hos oss kjem alltid tre til seks månader etter privatbankane, seier Bertil Tiusanen.

Vurdér din eigen økonomi
Tiusanen ber kundane vurdere sin eigen økonomi når dei skal velje mellom fast og flytande rente. Han minner om at det viktigaste med fast rente er at ein ikkje blir overraska av auka kostnader. Dei som vil ha fast rente, kan søkje via Dine sider her på nettstaden eller via Kassafonen, telefon 04545. Søknadsfristen er 10. januar 2005.

Dei som ikkje søkjer om fast rente innan fristen, får automatisk flytande rente.