Fastrenta på studielånet stabil
Fastrenta på studielån held seg stabil. Frå 1. oktober går renta ved fem års bindingstid ned 0,1 prosentpoeng til 4,1 prosent og treårsrenta blir ståande på 3,8 prosent. Rundt 200 000 kundar kan no velgje fast rente.
– Fastrenta har vore stabil i heile 2005, seier informasjonssjef i Lånekassen, Wenche Merli. Lånekassen innførte fastrenta i 1999, og så langt har 2005 holdt det lavaste rentenivået i snitt. Likevel var det under tusen av Lånekassen sine kundar som valgte å binde renta ved forrige søknadsfrist. – Dette heng heilt klart saman med at den flytande renta har lege stabilt under tre prosent det siste året, konkluderer Merli.
– Den flytande renta frå 1. oktober er 2,8 prosent. Dersom dagens rentenivå held seg ut september, tyder prognosene på at den kjem til å stige med 0,3 prosentpoeng til 3,1 prosent fra 1. januar 2006. Den flytande renta for første kvartal i 2006 blir fastsatt 1. oktober. Det kan derfor vere lurt å vente med å binde renta til denne datoen, for å få eit betre grunnlag for valet.
Kunden må velgje sjølv
Merli legg til at kundane først og fremst må vurdere sin eigen økonomi når dei skal velgje mellom fast og flytande rente. – Fordelen med fast rente er at den gir muligheita til å planleggje sin personlige økonomi. Ulempa er å gå glipp av eventuelle rentenedgangar.
Søknadsfrist
Dei som vil ha fast rente, kan søkje via Dine sider. Søknadsfrist er 10. oktober 2005. Dei som ikkje aktivt vel fast rente innan fristen, beheld flytande rente frå 1. oktober.
Slik bind du renta
Les meir om rentesatsane til Lånekassen