Søkje om opptak

Start å planleggje utdanninga i god tid, gjerne eitt år før studiestart. Kontakt dei lærestadene du er interessert i, og be om studieplan, søknadsskjema, oversikt over opptakskrav, søknadsfrist og skolepengar.

I somme land er det sentrale opptaksorgan med absolutte søknadsfristar. I andre land varierer fristane frå år til år, og frå lærestad til lærestad. Du finn som regel all relevant informasjon på nettstadene til lærestadene.

 

Vitnemål frå vidaregåande skole kan du få på engelsk, tysk eller fransk, og i somme tilfelle spansk, frå skolen du gjekk på. Statens utdanningskontor i fylket kan også hjelpe til med omsetjing av vitnemål. Dei fleste norske universitet og høgskolar har standardomsetjingar for vitnemåla sine. Ikkje send originalar, men attesterte kopiar.

 

Somme land krev at utanlandske studentar tek ei språkprøve før studiet begynner. Dette gjeld m.a. USA, Canada, Tyskland, Frankrike, Italia og Spania.  Test Information ved Universitetet i Oslo kan gi fleire opplysningar om mellom anna TOEFL og andre språkprøver.

 

Du kan også vende deg til det aktuelle studielandet sitt kulturinstitutt i Noreg eller til kulturavdelinga i ambassaden.

 

For å finne ulike lærestader i ulike land kan du for eksempel bruke Lånekassen sitt oppsett  Lærestader i utlandet, databasen til SIU ( Senter for internasjonalisering av høgare utdanning) HEIR eller ein søkjemotor som Braintrack.