Kva for utdanningar

Du kan få støtte til høgare utdanning i alle land

Lånekassen har ein database over lærestader og utdanningar som tidlegare er vurderte for stipend og lån. Det er berre heile gradsutdanningar på universitets- og høgskolenivå som ligg i denne databasen. Finn du ikkje utdanninga di i databasen, kan du be Lånekassen om ei førehandsvurdering for å få vite om utdanninga er godkjend for støtte.

Les her dersom du skal ta ein del av den norske utdanninga di ved ein utanlandsk lærestad.

Norden

Tek du utdanning i Norden, kan du få støtte til vidaregåande opplæring og høgare utdanning som er offentleg godkjend i studielandet og som landet si eiga "lånekasse" gir støtte til. Skolen eller dei andre nordiske "lånekassane" kan gi deg nærmare opplysningar.

Utanfor Norden

Til utdanning i land utanfor Norden kan du få støtte til fulltidsutdanning på høgskole- og universitetsnivå. Vilkåra er at

  • utdanninga tilsvarar, er på nivå med eller kan bli godkjend som ein del av ein norsk bachelor- eller mastergrad. Utdanning som tilsvarer norsk grad på Ph.D-nivå, kan også gi rett til støtte.  Les om godkjenning av utenlandsk utdanning i Noreg hos NOKUT.
  • utdanninga må ha dei samme opptakskrava som tilsvarande utdanning i Noreg.
  • utdanninga og lærestaden må ha offentleg eller tilsvarande godkjenning i studielandet.
  • helsefagleg utdanning må kunne gi grunnlag for autorisasjon i Noreg.
    Les om autorisasjon.

Du kan få støtte til utdanning som tilsvarar ein del av ein norsk bachelor- eller mastergrad også når du ikkje har begynt på ei utdanning i Noreg. Utdanninga må vere godkjend av ein norsk lærestad som ein del av ei grad.

Les her om du planlegg å ta  utdanning i Asia, Sør-Amerika,  Afrika eller Russland

Les meir om korleis Lånekassen godkjenn utdanning i utlandet for utdanningsstøtte.

Nokre utdanningar du ikkje kan få støtte til:

  • forkurs før fagutdanning
  • Freshman Year i USA. Om unntak: sjå forskriftene § 35-3
  • fjernundervisning
  • flygarutdanning med unnatak av offentleg godkjente trafikkflygarutdanningar i Norden.

Vidaregåande opplæring

Du kan få støtte til heile eller delar av den vidaregåande opplæringa i utlandet.