Tilretteleggingssemester
Dersom du skal ta ei gradsutdanning i eit land utanfor Norden eller i Finland og på Island, kan du få støtte til tilretteleggingssemester dersom landet ikkje er engelskspråkleg.
Innføring i språk og kultur
Du kan få støtte til kurs i språk og samfunnsfag før du begynner på graden din. Semesteret skal gi deg eit så godt grunnlag som råd i språket og kulturen i landet.
Krav til kurset
Vi krev til vanleg at du tek kurset ved eit universitet i det landet du planlegg å ta gradsutdanninga. Kurset må ha minst 15 undervisningstimar per veke og vare i minst tre månader. Vidare må du opplyse i søknaden om kva grad du planlegg å ta og gje opp navnet på lærestaden du planlegg å ta graden ved.
Basisstøtte og reisestøtte
Du får vanleg basisstøtte, som blir utbetalt som lån, og tillegg for reiser. Du får ikkje noko ekstra til skolepengar. Les meir om basisstøtte og reisestøtte.
Gradsutdanninga
Når du begynner på gradsutdanninga etter tilretteleggingssemesteret, blir ein del av lånet gjort om til utdanningsstipend. Dersom du ombestemmer deg etter tilretteleggingssemesteret og ikkje begynner på ein grad i det same landet som du tok tilretteleggingssemesteret i, får du ikkje utdanningsstipend. Då blir all støtta utanom reisestipendet ståande som lån.