Godkjenning av utdanning i utlandet for utdanningsstøtte

Lånekassen avgjer sjøl om ei utdanning i utlandet gir rett til støtte. Reglane som ligg til grunn for om ei utdanning gir rett til støtte byggjer på eit anna regelverk som forvaltast av andre enn Lånekassen. Vi innhenter difor ofte opplysningar frå andre.

Kva for utdanningar?

Lånekassen kan gi støtte til høgare utdanning i land utanfor Norden som er like, er på nivå med eller kan bli godkjent som ein del av, ei norsk bachelor- eller mastergrad. Utdanninga og lærestaden må vere offentleg godkjent i studielandet. Unntaksvis kan det gjevast støtte til vidaregåande opplæring. Les meir om krav til utdanningane og utdanningsopplegget i forskriftene for tildeling kapitla 35 og 38.

Utdanning i nordiske land skal vere offentleg godkjent i studielandet og gi rett til utdanningsstøtte i landet si eiga ”Lånekasse”.

Kva gjer at ei utdanning blir godkjent for utdanningsstøtte?

Høgare utdanning frå land utanfor Norden må gi studiepoeng i Noreg. Når reglane i Lånekassen krev at utdanninga skal vere lik eller bli godkjent som ein del av ei norsk grad, må Lånekassen innhente opplysningar om dette frå NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen).Det er NOKUT som forvaltar dei generelle reglane for godkjenning av utanlandsk utdanning i Noreg. På nettstaden til NOKUT finn du informasjon om godkjenning av utanlandsk utdanning. Hvis det ikkje går fram av dei generelle reglane for godkjenning av utanlandsk utdanning i Noreg at utdanninga du planlegg å ta kan bli godkjent i Norge, kan Lånekassen be deg om å kontakte eit norsk universitet eller ein høgskole for å få ei vurdering av utdanninga. Lånekassen vil bruke kjenninga frå den norske lærestaden i si vurdering om utdanninga kan godkjennast for utdanningsstøtte.

For å avgjere om ei helsefagleg utdanning kan gi grunnlag for autorisasjon i Noreg, som er eit tilleggsvilkår for at slik utdanning skal kunne gje rett til støtte, kan Lånekassen innhente opplysningar frå Statens autorisasjonskontor for helsepersonell (SAFH). Dei har ansvar for autorisasjon og lisens til helsepersonell, og turnustjeneste for legar. Støtte frå Lånekassen til ei helsefaglig utdanning i utlandet er ingen garanti for at du vil få autorisasjon i Noreg når du er ferdig med utdanninga.

I oversikta over læresteder og utdanninger finn du både utdanningar som tidlegare er godkjent for utdanningsstøtte og utdanningar som ikkje er blitt godkjente.

Godkjenninga må fornyast

Lånekassen går gjennom oversikta over lærestader og utdanningar kvart år for å sjekke om utdanningane og lærestadene som ligg i oversikt framleis kan gi rett til støtte. Dersom ei utdanning som ligg i oversikta ikkje lenger skal gi rett til støtte i til dømes undervisningsåret 2007-2008, gir Lånekassen melding om det i oversikta innan 1. januar 2007.