Delstudium

Delstudium i utlandet er studieopphald i utlandet på inntil eitt år som ein del av ei høgare utdanning som du er i gang med i Noreg.

Kor lenge

Delstudiet må vare i minst fire veker, men til vanleg ikkje meir enn eitt år. Det er gjort unntak for kortare kurs ved dei norske studiesentra i York, Kiel, Caen og St. Petersburg, og dei norske institutta i Aten og Roma. Andre opphald på mindre enn fire veker blir rekna som studieturar og gir ikkje rett til ekstra støtte. Lånekassen gir ikkje støtte til praksisopphald etter avslutta utdanning.

Du kan få støtte til fleire delstudium i løpet av utdanningsprogrammet, så lenge det ikkje fører til at du blir forseinka i utdanninga.

Studieopphald som varer i meir enn eitt år, blir normalt rekna som eit sjølstendig utanlandsstudium.

Vilkår

Opphaldet ved ein utanlandsk lærestad må vere godkjent eller tilrådd av ein norsk lærestad eller ein faginstans. Inngår opphaldet i eit fast utvekslingsprogram som gir rett til støtte, treng du ikkje ei særskild godkjenning. Tek du språkfag i Noreg, må du ha bestått examen philosophicum/examen facultatum dersom den norske lærestaden din krev det.

Lånekassen kan gi støtte til godkjend praksis i utlandet, når praksisen inngår i utdanninga i Noreg.

Utanlandske statsborgarar kan få støtte til delstudium i utlandet i inntil eitt år, når dei får støtte til utdanning i Noreg.

Kva kan du få?

Det vil vere avhengig av kor lenge delstudiet varer, og kva land du skal studere i. Blir studieåret forlengd på grunn av delstudiet, kan du få støtte i opptil tolv månader for eit heilt skoleår.

Til kurs på mindre enn fire veker ved dei norske studiesentra i York, Kiel, Caen og St. Petersburg, og dei norske institutta i Aten og Roma:

  • vanleg støtte (stipend og lån) som om du studerer i Noreg
  • reisetillegg til éi reise tur-retur, berre som lån, ikkje reisestipend
  • du kan ikkje få gebyrstipend (stipend til skolepengar/kursavgift)

Til delstudium over fire veker kan du få:

  • vanleg støtte (8 000 kroner til saman i utdanningsstipend og lån i månaden)
  • reisetillegg til éi reise tur-retur frå Noreg til studiestaden (opphald på mindre enn seks månader) eller til to reiser tur-retur (opphald på meir enn seks månader), 70 prosent som stipend og resten som lån
  • stipend og lån (skolepengestøtte) til å dekkje skolepengar/kursavgift heilt eller delvis, maksimum 102 320 kroner for eit heilt år. Dei første 52 320 kronene blir gitt med 70 prosent som lån og 30 prosent som lån. I tillegg kan du få eit ekstra skolepengelån på maksimalt 50 000 kroner dersom skolepengane er meir enn 52 320 kroner. 

Språkstipend

Tek du eit delstudium på eitt semester eller meir i eit land som ikkje er engelskspråkleg, kan du få 15 000 kroner i språkstipend til eit språkkurs. Språkkurset må vere på minst fire veker. Er det ei språkutdanning du tek, får du ikkje språkstipend. Det får du heller ikkje dersom undervisninga er på engelsk.

Stipend/legat frå andre

Dersom stipend frå anna hald skal dekkje reise og/eller skolepengar, blir reise-/skolepengestøtta frå Lånekassen redusert krone mot krone. Utgangspunktet for reduksjonen er det beløpet du faktisk må betale i skolepengar.

Søknad om støtte

Fyll ut blankett B, oppgi kontonummeret ditt i ein norsk bank, og legg ved stadfesting

  • på kva lærestad i utlandet du skal studere ved, eventuell stadfesting på opptak
  • frå den norske lærestaden på at opphaldet er ein godkjend del av utdanninga i Noreg
  • på tidsrommet for opphaldet
  • på kor mykje du betaler i skolepengar
  • på eventuell støtte eller stipend frå anna hold til reiser eller skolepengar

Svar på søknaden

Svaret blir sendt til den norske bustadadressa di. Du må skrive under på gjeldsbrevet (stipendmeldinga) sjølv og returnere det til oss. Når vi får gjeldsbrevet, blir pengane overførte til den norske bankkontoen din. Du må sjølv ordne med overføring av pengane til utlandet.

Opplysningane gjeld studieåret 2004-2005