Utbetaling for elevar i vidaregåande opplæring

Pengar rett på konto

I starten av kvart semester får du gjeldsbrevet/stipendmeldinga (vedtak om stipend og lån og låneavtale) utlevert på skolen din, slik at de kan kontrollere at du er elev der før du får det utlevert. Når du har skreve under på gjeldsbrevet/stipendmeldinga og sendt det i retur til Lånekassen, overfører vi pengane direkte til kontoen din den 15. i kvar månad. Den første utbetalinga kvart halvår vil vere noko større enn dei neste. Lærlingar får gjeldsbrevet/stipendmeldinga heim i posten.

Dersom du får læremiddelstipend, blir dette utbetalt i starten av kvart semester. Får du utstyrsstipend, vil du få heile beløpet utbetalt saman med første utbetaling. I tillegg er den første utbetalinga av andre stipend litt større enn resten.

SMS og e-post

Dersom du skriv inn e-postadressa eller mobiltelefonnummeret ditt i søknaden eller på Dine sider, får du informasjon om søknad og utbetaling. Det kostar deg ingenting.

Skolepengar

Går du på ein privat skole og må betale skolepengar, blir også lån til skolepengar utbetalte ved semesterstart.

Kontonummer

Vi kan berre setje inn pengar på ein konto du eig. På den måten kontrollerer vi at det er rett person som får pengane.

Gjeldsbrevet/stipendmeldinga vil innehalde eitt eller fleire kontonummer som skatteetaten har oppgitt at du eig. På gjeldsbrevet/stipendmeldinga eller på Dine sider, kan du velje kva konto du vil ha pengane overført til. Dersom skatteetaten ikkje har registrert nokon kontonummer som hører til deg, må du sende inn ein stadfesting frå banken på ein konto du eig, før pengane kan bli overførte. Du kan bruke blankett K til å sende inn stadfesting frå banken.

Endrar du kontonummer, må du melde frå til oss om dette på blankett K.

Utbetaling til foreldre/verje dersom du ønskjar det slik

For søkjar under 18 år har foreldre/verje rett til å endre kontonummer. Verjen må signere søknadsblanketten og leggje ved eit ark der dei ber om at pengane blir utbetalt til kontoen til verjen. Banken til verjen må stadfeste at verjen er eigar av kontonummeret.

Dersom du går på skole i utlandet

Går du på skole i utlandet får du pengane frå Lånekassen utbetalt kvart halvår. Lånekassen sender eit gjeldsbrev/ei stipendmelding til den siste adressa som er registrert i Lånekassen. Du må skrive under på gjeldsbrevet/stipendmeldinga og sende det i retur. Når vi har fått det tilbake, blir pengane overførte til kontoen din i Noreg. Du må sjølv avtale med banken din om overføring av pengane til utlandet.

Stopp av utbetaling

Lånekassen kan stoppe utbetalingane for resten av perioden og annullere resttildelinga dersom du

  • avbryt utdanninga og ikkje lenger har rett til støtte
  • mislegheld pliktene dine overfor Lånekassen

Gi melding til Lånekassen dersom du sluttar i utdanninga, eller om det oppstår andre forhold som gjer at du ikkje lenger skal ha pengar overført til kontoen din.