Lærlingar
Lærlingar kan ha rett til både stipend og lån, men mange forhold speler inn, blant anna lærlingelønna.
Er du lærling med godkjend lærekontrakt, kan du søkje om stipend og lån frå Lånekassen. Å ha godkjend lærekontrakt vil seie at yrkesopplæringsnemnda, opplæringsavdelinga eller fagopplæringskontoret har godkjent han.
Lærling med lovfesta rett til vidaregåande opplæring
Dei fleste lærlingar kjem inn under denne ordninga. Både lærlinglønna di og økonomien til foreldra dine påverkar kor mykje du kan få frå Lånekassen.
Stipend og lån
I utgangspunktet er beløpa dei same som for andre elevar i vanleg vidaregåande opplæring, men fordi du har lærlinglønn, får du normalt mindre. For kvar krone du har i lærlinglønn, får du 60 øre mindre frå Lånekassen. Lærlingar kan få støtte for 11 månader per skoleår.
Heimebuar
Er lærlinglønna di over ca. 3 530 kroner brutto per månad, får du ikkje stipend sjøl om foreldra dine har låg inntekt. Du kan ha rett til eit lite lån. Har du lærlingelønn over kr 3 530 kroner brutto per månad, kan inntekta og formuen til foreldra dine gjere at du likevel ikkje får stipend eller lån.
Bortebuar
Dersom du må bu borte for å gjennomføre læretida, får du eit bustipend på
3 510 kroner per månad. Rekn ut kor mykje du kan få i stipend og lån på støttekalkulatoren.
Reisestipend
Bur du borte frå heimstaden din i læretida, kan du få reisestipend som ikkje blir behovsprøvd mot inntekt og formue. Reisestipendet er eit tilskott til tre reiser tur-retur i løpet av eitt år og blir rekna ut frå avstanden mellom foreldreheimen og skolen. Du må betale ein eigendel på 970 kroner per år.
Søknad om stipend og lån
Søknadsfristane er 15. november for hausten 2007 og 15. mars for våren 2008.
Slik søkjer du
Når du har fylt ut søknadsblankett A, må du få arbeidsgivaren din til å stadfeste start- og sluttdatoen for læretida di og kor mykje du har i gjennomsnittleg bruttolønn for haust- og vårsemesteret på søknaden. Send søknaden til yrkesopplæringsnemnda, opplæringsavdelinga eller fagopplæringskontoret. Dei gjør søknaden klar til behandling og sender han vidare til Lånekassen.
Svaret (gjeldsbrevet/stipendmeldinga) blir sendt til den adressa di som sist ble registrert i Lånekassen. Når du har skrive under på gjeldsbrevet/stipendmeldinga og sendt det i retur til Lånekassen, overfører vi pengane direkte til kontoen din kvar månad. Får du støtte både for hausten 2007 og våren 2008, vil du berre få eitt gjeldsbrev/ei stipendmelding som gjeld for heile året. Det vil seie at når du får gjeldsbrevet/stipendmeldinga om hausten, signerer du for utbetalingane for heile undervisningsåret 2007-2008.
Lærling i utlandet
Lånekassen gir til vanleg ikkje støtte til læretid utanfor Norden. Lærlingar som får Leonardo-stipend i minst tre månader, kan likevel få støtte til læretid utanfor Norden.
Lån frå før
Når du får pengar frå Lånekassen i læretida, får du automatisk rentefritak på det gamle lånet ditt. Får du avslag på søknaden om stipend fordi du har for høg lærlinglønn eller på grunn av økonomien til foreldra dine, kan du søkje om rentefritak og betalingsutsetjing. Bruk blankett I.
Lærling utan lovfesta rett til vidaregåande opplæring
Er du lærling utan lovfesta rett til vidaregåande opplæring, sjå under høgare og anna utdanning kva reglar som gjeld for deg.