Inntekt og formue
Inntekta og formuen til foreldra dine påverkar kor mykje stipend og lån du kan få. Har du lærlinglønn, trygd eller pensjon, har dette også betydning for kor mykje du kan få.
Du kan bruke støttekalkulatoren til å rekne kor mykje du kan få.
Når du har lærlinglønn, trygd eller pensjon
Inntekta og formuen til foreldra dine
Når du har lærlinglønn, trygd eller pensjon
Har du arbeidsinntekt eller formue, har ikkje det noko å seie for stipenda og lånet ditt. Grunnstipend, læremiddelstipend og forsørgjarstipend blir redusert dersom du har lærlinglønn, trygd eller pensjon.
Har du lærlinglønn, trygd eller pensjonsytingar i søknadsperioden, blir det trekt 60 øre av stipendet for kvar krone du tener. Det blir først trekt av grunnstipendet, deretter av læremiddelstipendet (gjeld Vg1 og Vg3 (VKII), elevar i Vg2 får ikkje læremiddelstipend, men eit ikkje-behovsprøvd utstyrsstipend), og til slutt av eit eventuelt forsørgjarstipend.
Dersom inntekta di varierer, blir gjennomsnittleg månadsinntekt per semester brukt.
Når du søkjer om støtte frå Lånekassen, må lærebedrifta stadfeste inntekta di på søknadsblanketten. Får du trygd/pensjon, må du leggje ved kopi av pensjons-/trygdevedtaket ditt. Du må føre opp gjennomsnittleg brutto stønad per månad dersom du får f.eks.:
- stønad som einsleg forsørgjar
- attføringspengar/rehabiliteringspengar
- utdanningsstønad frå folketrygda
- annan pensjon/trygd
- sjukepengar
- introduksjonsstønad
Forsørgjer du barn, må du ta med eventuelle ytingar til dei. Barnetrygd, kontantstøtte, grunn- og hjelpestønad skal du ikkje ta med.
Inntekta og formuen til foreldra dine
Når du er elev i vanleg vidaregåande opplæring blir stipenda dine behovsprøvde mot inntekta og formuen til foreldra/steforeldra dine. Grunnstipend, læremiddelstipend og lån behovsprøvast mot økonomien til forsørgjarane dine, sjølv om du har fylt 18 år.
Lånekassa hentar automatisk inn opplysningane om inntekt og nettoformue frå skattelikninga for 2005. Er bruttoinntekta eller formuen i skuleåret lågare enn det den var i 2005, kan vi ta omsyn til det. Då må du i tilfelle sende inn dokumentasjon på noverande brutto månadsinntekt for begge forsørgjarane dine. Du kan bruke sjølvmeldinga eller likninga frå 2006 til å dokumentere lavare formue.
Er foreldra dine skilte eller separerte, bruker vi likningstala for den av foreldra du bur hos eller budde hos sist.
Under Bur heime og Bur borte kan du sjå korleis inntekta til foreldra dine fastset storleiken på stipenda og lånet. Du kan også bruke støttekalkulatoren til å rekne ut kor mykje du kan få i stipend og lån.