Utstyrsstipend

Frå hausten 2007 får alle i vidaregåande trinn 2 (Vg2) utstyrsstipend. Stipendet er ikkje behovsprøvd. Alle må søkje på blankett A, som du får på skolen.

Fristen for å søkje støtte er 15. november for hausten og 15. mars for våren

Innføring av ikkje-behovsprøvd utstyrsstipend

Frå skoleåret 2007-2008 får du som er elev i Vg2 gratis lærebøker frå fylkeskommunen. I tillegg får du eit utstyrsstipend frå Lånekassen som er uavhengig av kva foreldra dine tener. Det skal bidra til å dekkje utgifter til nødvendig individuelt utstyr som du treng i opplæringa, til dømes kokkeklær, kalkulator eller idrettsutstyr.

Innføringa av gratis lærebøker på skolen og utstyrsstipend frå Lånekassen skjer gradvis.
I 2007-2008 får alle elevar på Vg2 utsyrsstipend
I 2008-2009 får alle elevar på Vg2 og Vg3 utstyrsstipend
I 2009-2010 får alle elevar på Vg1, Vg2 og Vg3 utstyrsstipend

Tre satsar

Kor mykje du får i stipend, kjem an på kva for utdanning du tek.

800 kroner per år 1 800 kroner per år 2 600 kroner per år
• Studiespesialisering
• Musikk, dans og drama
• Helse- og sosialfag
• Elektrofag
• Media og kommunikasjon
• Service og samferdsel
• Naturbruk
• Bygg- og anleggsteknikk
• Teknikk og industriell produksjon
• Idrettsfag
• Design og handverk
• Restaurant- og matfag

Utdanning i utlandet

Tek du delar av utdanninga i utlandet, får du stipend etter same sats som for den utdanninga du følgjer i Norge. Dersom du vel å ta heile den vidaregåande opplæringa di i utlandet, får du eit utstyrsstipend på 800 kroner per år.

Utbetaling

Du får stipendet saman med den første utbetalinga.

Ved byte av utdanning

Dersom du byter til ei utdanning med høgre stipendsats, kan du få utbetalt differansen. Du må då sende inn ein ny søknad til Lånekassen.

Desse får ikkje utstyrsstipend

Elevar på Vg1 og Vg3, samt lærlingar og lærekandidatar på alle årstrinn, får ikkje det nye stipendet. Dei kan få eit behovsprøvd læremiddelstipend på inntil 360 kroner per månad. Frå skoleåret 2008-2009 får ikkje lærlingar lenger behovsprøvd læremiddelstipend.