Lån til skolepengar for deg i vidaregåande

Når du er elev på ein privat vidaregåande skole der du betaler skolepengar, kan du få ekstra lån.

Du kan få inntil 21 230 kroner i lån per år til å betale skolepengar. Lånet blir ikkje behovsprøvd mot inntekta og formuen til foreldra dine.

Lånet er rentefritt medan du er i utdanning

Det blir ikkje rekna renter av lånet så lenge du er i fulltidsutdanning og får pengar frå Lånekassen til utdanninga.

Automatisk vurdering

Du treng ikkje søkje spesielt om skolepengar. Ekstra lån til skolepengar leggast automatisk til om du søkjer om fullt stipend og lån på søknadsblanketten for stipend og lån.