Når du må bu borte frå foreldra dine

Må du bu borte for å ta vidaregåande opplæring, kan du få bustipend i tillegg til andre stipend og lån. Beløpa på denne sida gjeld for elevar med ungdomsrett.

Vg1 og Vg3 (VKII) - maksimalt stipend og lån - bortebuar

Grunnstipend: 1 760 kroner per månad
Læremiddelstipend:    360 kroner per månad
Bustipend: 3 510 kroner per månad
Sum stipend: 5 630 kroner per månad
Lån: 1 230 kroner per månad
Sum stipend og lån: 6 860 kroner per månad

Vg2 - maksimalt stipend og lån - bortebuar

Grunnstipend:           1 760 kroner per månad
Bustipend:           3 510 kroner per månad
Utstyrsstipend:       80 - 260 kroner per månad*
Sum stipend: 5 350 - 5 530 kroner per månad *
Lån:           1 230 kroner per månad
Sum stipend og lån: 6 580 - 6 760 kroner per månad *

* Beløpet er avhengig av kva utdanningsprogram du tek

Utstyrsstipend er eit stipend som alle elevar i Vg2 med ungdomsrett får, utan omsyn til foreldreøkonomi. Avhengig av kva utdanning du tek, kan du få 800, 1 800 eller 2 600 kroner i året. Du får stipendet saman med den første utbetalinga. Les meir under utstyrsstipend.

Er inntekta og/eller formuen til forsørgjarane dine høg, kan resultatet bli at du berre får bustipendet og ingenting i grunnstipend eller lån. Elevar i VG1 og Vg3 (VKII) kan også miste læremiddelstipendet, medan elevar i Vg2 får utstyrsstipendet uansett foreldreøkonomi. Les meir om inntekt og formue.

Må du reise langt for å ta utdanning, kan du også ha rett til reisestipend.

Krav til bustipend

Du må bu for deg sjølv, og i tillegg må minst eitt av desse krava vere oppfylte:

• Skolen ligg minst 40 km frå foreldreheimen
• Reisetida mellom heim og skole er minst tre timar tur-retur
• Det er spesielle forhold som gjer at du ikkje kan bu heime 
Les meir om bustipend.

Finn ut kor mykje du kan få i stipend og lån

Dersom du veit kor stor inntekt forsørgjarane dine (foreldre/steforeldre) hadde på likninga for 2005, kan du anten bruke støttekalkulatoren eller tabellen nedanfor for å finne ut kor mykje stipend og lån du kan få. Les tabellen slik: 

• Finn rett kolonne ut frå kor mange sysken du har
• Finn rett rad ut frå forsørgjarane sin økonomi i 2005 (vanleg inntekt)
• Følg raden bort til kolonnen for sum stipend og lån
• Les av kor mykje stipend og lån du kan få per månad

Tabell for elevar i Vg1 og Vg3

Foreldreinntekta i heile tusen kroner og
talet på sysken
under 19 år*
Stipend og lån per månad**
Ingen 1 søsken 2 søsken Stipend Lån
   0 -187  0   -199    0 -211    kr 5 630  kr 1 230
 188-192  200-204  212-216  kr 5 580  kr 1 230
 193-197  205-209  217-221  kr 5 530  kr 1 230
 198-202  210-214  222-226  kr 5 480  kr 1 230
 203-207  215-219  227-231  kr 5 430  kr 1 230
 208-212  220-224  232-236  kr 5 380  kr 1 230
 213-217  225-229  237-241  kr 5 330  kr 1 230
 218-222  230-234  242-246  kr 5 280  kr 1 230
 223-227  235-239  247-251  kr 5 230  kr 1 230
 228-232  240-244  252-256  kr 5 180  kr 1 230
 233-237  245-249  257-261  kr 5 130  kr 1 230
 238-242  250-254  262-266  kr 5 080  kr 1 230
 243-247  255-259  267-271  kr 5 030  kr 1 230
 248-252  260-264  272-276  kr 4 980  kr 1 230
 253-257  265-269  277-281  kr 4 930  kr 1 170
 258-262  270-274  282-286  kr 4 880  kr 1 120
 263-267  275-279  287-291  kr 4 830  kr 1 070
 268-272  280-284  292-296  kr 4 780  kr    970
 273-277  285-289  297-301  kr 4 730  kr    870
 278-282  290-294  302-306  kr 4 680  kr    770
 283-287  295-299  307-311  kr 4 630  kr    670
 288-292  300-304  312-316  kr 4 580  kr    570
 293-297  305-309  317-321  kr 4 530  kr    470
 298-302  310-314  322-326  kr 4 430  kr    420
 303-307  315-319  327-331  kr 4 330  kr    370
 308-312  320-324  332-336  kr 4 230  kr    320
 313-317  325-329  337-341  kr 4 130  kr    270
 318-322  330-334  342-346  kr 4 030  kr    220
 323-327  335-339  347-351  kr 3 880  kr    220
 328-332  340-344  352-356  kr 3 730  kr    220
 333-337  345-349  357-361  kr 3 580  kr    220
 338-342  350-354  362-366  kr 3 510  kr    100
 343-347  355-359  367-371  kr 3 510  kr       -  
 348-352  360-364  372-376  kr 3 510  kr       -  
 osv.  osv.  osv.    

 *) Dersom forsørgjarane har nettoformue over 723 990 kroner, må du leggje 10 prosent av det overskytande beløpet til inntekta for at resultatet skal bli riktig. Nettoformue er formue minus gjeld. Prøv støttekalkulatoren.

**) Reisestipend, forsørgjarstipend og lån til skolepengar kan kome i tillegg.

Tabell for elevar i Vg2

Hugs at du som går i Vg2 får eit utstyrsstipend på 800, 1 800 eller 2 600 kroner per år i tillegg til støtta i tabellen under, avhengig av kva for utdanning du tek. Les meir om utstyrsstipend. 

Foreldreinntekta i heile tusen kroner og
talet på sysken
under 19 år*
Stipend og lån per månad**
Ingen 1 søsken 2 søsken Stipend Lån
  0  -187   0  -199    0 -211    kr 5 270  kr 1 230
 188-192  200-204  212-216  kr 5 220  kr 1 230
 193-197  205-209  217-221  kr 5 170  kr 1 230
 198-202  210-214  222-226  kr 5 120  kr 1 230
 203-207  215-219  227-231  kr 5 070  kr 1 230
 208-212  220-224  232-236  kr 5 020  kr 1 230
 213-217  225-229  237-241  kr 4 970  kr 1 230
 218-222  230-234  242-246  kr 4 920  kr 1 230
 223-227  235-239  247-251  kr 4 870  kr 1 230
 228-232  240-244  252-256  kr 4 820  kr 1 230
 233-237  245-249  257-261  kr 4 770  kr 1 230
 238-242  250-254  262-266  kr 4 720  kr 1 230
 243-247  255-259  267-271  kr 4 670  kr 1 230
 248-252  260-264  272-276  kr 4 620  kr 1 230
 253-257  265-269  277-281  kr 4 570  kr 1 170
 258-262  270-274  282-286  kr 4 520  kr 1 120
 263-267  275-279  287-291  kr 4 470  kr 1 070
 268-272  280-284  292-296  kr 4 420  kr    970
 273-277  285-289  297-301  kr 4 370  kr    870
 278-282  290-294  302-306  kr 4 320  kr    770
 283-287  295-299  307-311  kr 4 270  kr    670
 288-292  300-304  312-316  kr 4 220  kr    570
 293-297  305-309  317-321  kr 4 170  kr    470
 298-302  310-314  322-326  kr 4 070  kr    420
 303-307  315-319  327-331  kr 3 970  kr    370
 308-312  320-324  332-336  kr 3 870  kr    320
 313-317  325-329  337-341  kr 3 770  kr    270
 318-322  330-334  342-346  kr 3 670  kr    220
 323-327  335-339  347-351  kr 3 520  kr    220
 328-332  340-344  352-356  kr 3 510  kr    220
 333-337  345-349  357-361  kr 3 510  kr    220
 338-342  350-354  362-366  kr 3 510  kr    100
 343-347  355-359  367-371  kr 3 510  kr       -  
 348-352  360-364  372-376  kr 3 510  kr       -  
 osv.  osv.  osv.    

*) Dersom forsørgjarane har nettoformue over 723 990 kroner, må du leggje 10 prosent av det overskytande beløpet til inntekta for at resultatet skal bli riktig. Nettoformue er formue minus gjeld. Prøv støttekalkulatoren.

**) Reisestipend, forsørgjarstipend og lån til skolepengar kan kome i tillegg.