Bustipend
Må du bu borte frå foreldra dine når du er i vidaregåande utdanning, kan du ha rett på bustipend på kr 3 510 kroner i månaden.
Krav for å få bustipend
Elevar i vanleg vidaregåande utdanning med ungdomsrett kan ha rett på bustipend.
For å få bustipend må lærestaden stadfeste at du oppfyller krav om reisetid eller avstand når du søkjer om støtte. Dersom du bur borte fra heimen på grunn av særlege forhold, må du sende inn dokumentasjon på dei særlege forholda. Du finn ei oversikt over dokumentasjon her.
Flytting i løpet av skoleåret
Flytter du frå eller til foreldra dine i løpet av skoleåret, må du sende eit brev til Lånekassen med flyttedato og den nye adressa din. Du må sende brevet inn før søknadsfristen er ute. Du vil då få vurdert retten din til stipend. Det er ikkje tilstrekkjeleg at du sender inn eit adresseendringskort eller legg adressen inn på Dine sider.
Du må bu for deg sjølv
Du har berre rett på bustipend når du bur for deg sjølv. Du må krysse av i søknadsskjemaet på at du ikkje bur i same hus som foreldra dine og skolen må stadfeste opplysningene.
Dersom du må bu borte berre nokre dager i veka og du elles fyller vilkåra for bustipend, kan du få fullt bustipend dersom du dokumenterer at du må leige hybel og betalar husleige for heile veka/månaden.
Dersom du må bu borte i delar av skoleåret, kan du få bustipend i perioden.
I tillegg til at du ikkje bur saman med forelda dine, må du oppfylle minst eit av krava under:
Avstanden må vere meir enn 40 km
Dersom avstanden mellom foreldreheimen din og skolen er 40 km eller meir kvar veg, vil du ha rett på bustipend. Lærestaden stadfester i søknadsblankett A at du fyller krav til bustipend på grunn av avstand.
Reisetida må vere minst tre timar tur-retur
Dersom reisetida mellom foreldreheimen din og skolen er minst tre timar tur-retur kvar dag, vil du ha rett på bustipend. Lærestaden stadfester i søknadsblankett A at du fyller krav til bustipend på grunn av reisetid.
Unntak til kravet om avstand og reisetid:
Sjølv om foreldreheimen din ligg mindre enn tre timar reisetid tur-retur/40 km reiseavstand ein veg frå lærestaden, kan det bli gitt bustipend når:
- rutetidene er slik at du ville ha kome for seint til den reglementerte undervisninga dersom du skulle budd heime
- du må bu borte på grunn av særleg vanskeleg kommunikasjon (gjeld også om det er vanskelig berre delar av året).
Du skal kunne følgje den undervisninga som er fastsett i den ordinære timeplanen. Reisetida blir rekna etter dei ruteavgangane som er aktuelle. Det blir teke omsyn til gangtid og ventetid undervegs.
Undervisning på ettermiddags- eller kveldstid kan godtas som del av den ordinære timeplanen dersom undervisninga er obligatorisk og er del av den læreplanen som er fastsett av Utdanningsdirektoratet.
Reisetid og avstand blir rekna på grunnlag av opplysningane i dei aktuelle rutetabellane. Les om krav og unntak i samband med bustipend i merknarder til forskriftene.
Dersom det er særlege forhold som gjer at du ikkje kan bu heime hjå foreldra dine mens du går på skule, kan du få bustipend. Særlege forhold kan mellom anna være:
| Årsak |
Særlege forhold skal alltid vere dokumentert |
Sosiale forhold f.eks. alvorlege konfliktar i heimen som gjer at du vil bli hindra i å gjennomføre utdanninga. Konfliktar og usemje som blir sett på som vanleg mellom søsken eller mellom barn og foreldre, er ikkje omfattet. |
Stadfesting fra ein eller fleire av desse: - PP-tenesta - sosialkontor - familierådgjevingskontor - psykolog * Stadfesting frå skulen kan godtas dersom det går fram at vedkommande har særleg kjennskap til situasjonen. |
| At foreldreheimen er så trong at du blir hindra i å gjennomføre utdanninga |
- tegning av bustad - bustadsbevis som syner kven som bur i bustaden Samla buareal skal med i vurderinga. |
| At du bur i den tidlegare foreldreheimen etter at forelda dine har flytta |
- stadfesting frå foreldra dine - bustadsattest |
| At foreldrene dine er skilt og du ikkje kan bu hjå nokon av dei |
- dokumentasjon på dei særlege, sosiale forholda |
| At du må bu borte på grunn av sjukdom eller funksjonshemming |
- legeerklæring |
| At du og ein av foreldra dine bur saman medan de begge er i utdanning og av den grunn mellombels bur borte frå den ordinære bustaden |
- stadfesting frå foreldra dine - stadfesting på at den av foreldra dine du bur saman med er i utdanning |
| At du ventar barn og har flytta saman med mor eller far til barnet |
- flyttadato - stadfesting av svangerskap |
Lånekassen vurderer til vanleg retten til bustipend i forhold til den av foreldra dine du til vanleg bur hjå. Dersom det er opplysningar som tilseie at du kan bu hjå den andre av foreldra dine, blir retten til bustipend også vurdert i forhold til denne.
Bustipendet er ikkje behovsprøvd etter foreldreøkonomi og kjem i tillegg til eventuelle andre lån og stipend du kan ha rett på. Les om kva stipend og lån du kan søkje om dersom du bur borte.