Forsørgjarstipend

Bur du saman med barn fødde i 1992 eller seinare som du forsørgjer, kan du få forsørgjarstipend.

Forsørgjarstipendet er opptil 1 320 kroner per månad for kvart av dei to første barna, og opptil 850 kroner per månad for kvart barn fleire enn to. Bruk støttekalkulatoren til å rekne ut kor mykje du kan få.

Du må ha minst 40 prosent samvær med barnet for å få forsørgjarstipend.

Legg ved fødselsattest for barnet/barna første gongen du søkjer om stipend og lån.

Behovsprøving etter inntekta til ektefelle, sambuar eller partnar 

Er du gift, sambuar med felles barn eller registrert partnar, vil forsørgjarstipendet vere avhengig av kor stor inntekt ektefellen/sambuaren/partnaren din har. Forsørgjarstipendet blir reduseret med 60 prosent av det han/ho har over 22 250 kroner i bruttoinntekt per månad.

Behovsprøving mot inntekta og formuen din

Forsørgjarstipendet blir behovsprøvd mot inntekta og formuen din. Les meir under inntekt og formue.

Døme på forsørgjarstipend

 

  Forsørgjarstipend per månad med
Brutto månadsinntekta til ektefellen/sambuaren/partnaren eitt barn to barn tre barn
22 250 kr eller mindre 1 320 kr 2 640 kr 3 490 kr
23 000 kr 870 kr 2 190 kr 3 040 kr
24 000 kr 270 kr 1 590 kr 2 440 kr
25 000 kr  0 kr 990 kr 1 840 kr
26 000 kr 0 kr 390 kr 1 240 kr
27 000 kr  0 kr 0 kr 640 kr
28 067 kr eller meir 0 kr 0 kr 0 kr