Forseinking i vidaregåande opplæring

Du har plikt til å informere Lånekassen dersom du ikkje følgjer utdanningsløpet som planlagt.

Dersom du sluttar i løpet av skoleåret

Når du har slutta på skolen, har du ikkje lenger rett til pengar frå Lånekassen. Har du fått utbetalt for mykje stipend, blir beløpet gjort om til lån. Vi kan krevje at du betaler pengane tilbake straks.

Dersom avbrotet skuldast sjukdom, kan du ha rett til å behalde støtta for ein periode på opp til 4,5 månader. Du må sende legeattest til Lånekassen. Det må gå fram i kva periode du har vore/er sjuk, med startdato og sluttdato, og om du har vore/er 100 prosent studieufør.

Dersom du har stort fråvær

Skolen melder frå til Lånekassen når elevar har stort fråvær. Dersom du har for stort fråvær, kan vi stoppe utbetalingane til deg, eller trekkje tilbake støtte for ein periode.

Dersom fråværet skuldast sjukdom, kan du ha rett til å behalde støtta frå Lånekassen. Då må du sende legeattest til Lånekassen. Det må gå fram av attesten i kva periode du har vore /er sjuk, med startdato og sluttdato og om du har vore/er 100 prosent studieufør.