E-signering i Lånekassen

Med e-signatur har no om lag 30 000 studentar sjansen til å både søkje om pengar, få dei og betale tilbake heile lånet i Lånekassen, utan å bruke papirløysingar.

Lånekassen er den første offentlege etaten som prøver ut ei fullelektronisk løysing, med bruk av digital signatur (PKI). - Lånekassen har tilbode e-faktura og nettsøknad lenge, men no tilbyr vi også elektronisk signering for svært mange studentar. Signeringa krev eit høgt sikringsnivå, og studentane må bruke smartkort for å bruke denne tenesta, seier Ingunn Cowan, prosjektleiar for den nye ordninga.

30 000 studentar har sjansen

No kan studentar sitje på hybelen og sende søknad om stipend og lån elektronisk, få SMS om saksgangen frå Lånekassen, og deretter signere gjeldsbrevet på pc ved hjelp av smartkort. Pengane blir deretter overførte til studenten sin konto. Det er studentar ved Universitetet i Oslo, Høgskolen i Lillehammer og BI-Sandvika som kan velje denne løysinga neste semester. Lånekassen vonar å tilby dette til alle studentar i høgare utdanning neste haust.

 

Prisgunstig løysing

- Når vi er avhengige av så høgt sikringsivå, er det berre nettspelkortet til Norsk Tipping som er lett tilgjengeleg og ikkje kostar for mykje. Det kostar 79 kroner i året. Vi vonar at det raskt vil komme fleire tilgjengelege alternativ med same sikringsnivå i marknaden, slik at studentane kan velje mellom ulike kort for e-signering, seier Cowan.

Lånekassen først med e-signering

Det er eit banebrytande arbeid som no er gjort i Lånekassen. E-signatur som stadfesting på gjeld er nytt i Noreg. - Dette er første steg i utviklinga mot høgkvalitetsalternativet, som inneber betre service med vekt på sjølvhjelpsløysingar. Lånekassen er inne i ein omfattande prosess som vi skal arbeide oss gjennom dei neste to-tre åra. Vi ligg heilt i front, mykje arbeid står igjen, og det inneber risiko og utfordringar, seier Ingunn Cowan.

Har valt statleg fellesportal

Lånekassen bruker Altinn-portalen for denne løysinga. Alltinn er ein statleg fellesportal for elektronisk kommunikasjon med det offentlege. – Når Lånekassen vel e-signering med PKI i Altinn, betyr det at Altinn kan opne for tenester på det høgaste sikringsnivået. Det gler oss, seier Hallstein Husand, avdelingsdirektør i Altinn.