|
- Det er forskjellige praksisordningar frå avdeling til avdeling og frå fag til fag. Det er slik fordi det er ulik praksis på dei ulike avdelingane. Dette fortel studiesjef ved HVO, Gonnie Smith Løseth. Ho kan også fortelje at dagens ordning har vore i bruk lenge ved HVO.
- Avdelingsleiinga har nettopp bestemmte at denne ordninga skal fortsette.
Løseth legg til at basisløyvinga til HVO er den dårligaste i landet.
- Dersom me hadde hatt større bevilgning kunne me kanskje vurdert å auke bidraget til nettopp slike tiltak.
Høgskulen i Molde fortel at dei driv med eit liknande system der dei dekker reisa til studentane opp til 120 kroner dagen, med ein innlagt eigenandel på 20 kroner.
Då er spørsmålet, er det rettferdigt at studentar må legge ut pengar for si eiga reise til praksisplassen? Det er ikkje rettferdigt ein student får dårleg råd fordi ein må bruke pengane sine på reisa til praksisplassen HVO har valgt ut til dei. Då får me håpe at enten HVO endrar systemet og dekker reisa, eller at basisløyvinga aukar. |