|
Animation Volda positive til samarbeidet
Leiar i Animation Volda Sylvia Clausen er positive til samarbeidet som no er oppretta med informasjonsstudentane, og ser fram til festivalen neste år.
Ho fortel vidare at ho satt i styret i fjor. Systemet fungerte då slik at alle var leiarar, og dette endte opp med at PR-jobben rundt Animation Volda ikkje var tilfredsstillande. Ho trur at informasjonsstudentane i år kan endre på dette.
- det er greit å ha nokon som har litt meir peiling enn oss på informasjon, fortel ho. Mesteparten av styret går MID her ved Høgskulen, så det er godt med litt variasjon.
Dei har eit bra program i år fortel Clausen, og dei samarbeidar med organisasjonar som Hiroshima peace memorial museum og andre internasjonale og nordiske filmskaparar og organisasjonar. Animation Volda er drive på frivillig basis, slik så mange andre festivalar er her i Volda, og Clausen har ei siste oppmoding å kome med.
- Me håper flest mogleg vil stille opp som frivillige under festivalen. Målet med denne festivalen er å samle studentar og animasjonsfilmbransja, og knytte band mellom desse. Me vil og gje eit nytt tilbod til studentar og lokalbefolkninga, og for å få til dette vil me trenge di hjelp.
Då ynskjer me informasjonsstudentane lukke til i den nye stillinga si, og styret i Animation Volda lukke til med festivalen som går av stabelen 11-14. September. |