|
Lengst aust på campus ligg Ivar Aasen-huset, der held ein bokhandel til. Den ligg der bak ein skog av stativ med kort til alle høve ein kan tenkje seg. Det er ikkje kø i kassa, men ein jamn straum med kundar. Dagsrasjonen av mat er utseld, og det er fleire studentar som er inne og kikar i dei tomme hyllene. Bokhandlaren Bente Strømmen kan konstatere at maten var vekke alt før klokka 12.00. Men det er flust av flasker med brus og vatn, sjokolade skortar det heller ikkje på.
Septemberrush Det å arbeide i ein bokhandel er ganske forskjellig frå andre typar butikkar. - Vi har ikkje 1000 varer å halde styr på slik REMA 1000 har, vi har 10 000, humrar Bente. Kanskje ikkje slett så mange, vedgår ho, men det er eit stort spenn i vareutvalet, noko som gjer det spennande og krevjande. - Vi har blant anna ikkje julerush, vi har septemberrush. Store delar av sommaren brukar vi til å gjere klart til skulestart, poengterer ho.
Overskotet tilbake til studentane Bokhandelen er eigd av Studentsamskipnaden og det vil seie at alt overskotet som dei får går direkte tilbake til studentane. - Kanskje blir det rimelegare inngangspengar på Rokken om studentane handlar mykje, spøkjer Bente.
Konkurransedyktige prisar Sjølv om salet av sjokolade og bagettar er godt, meiner Bente at den største inntekta likevel kjem frå pensumlitteratur. - Vi er konkurransedyktige på pris. Eg trur studentane set pris på å kunne stikke innom i skuletida og få kjøpt det dei treng av bøker og anna der og då, seier Bente.
Rask levering av eksamenlitteratur Dei har hektiske dagar dei to tilsette i butikken, men det blir sett på som positivt. Det blir nok særskilte travle dagar no som eksamenstida nærmar seg. - Det er mange studentar som ventar i siste liten med å kjøpe pensumbøker, seier Bente, men legg til at det heldigvis er mange leverandørar som har svært kort leveringstid. - Det er berre å kome innom, vi skal gjere vårt beste for å skaffe dei bøkene studentane treng til eksamen.
|