Skriv ut

Nettsvela / Frå aksjemeklar til førstekonsulent /

Frå aksjemeklar til førstekonsulent

I går fekk høgskulen ein ny medarbeidar. Solveig M. Sunde har tatt steget frå aksjemeklar i Sparebanken Møre til førstekonsulent ved økonomiavdelinga.

Publisert av Tone Sørensen

Solveig M. Sunde er tilsett som førstekonsulent ved høgskulen si økonomiavdeling       
Solveig M. Sunde likar å arbeide med datatekniske oppgåver.

Den tidligare aksjemeklaren har ein mastergrad innan finans og intern business frå Århus i Danmark. Etter nokre år i Ålesund som aksjemeklar, følte ho at tida var komen for å flytte heim til Volda.
- Eg vart mor til ei lita jente for eit og eit halvt år sidan, og då føltest det naturleg å flytte heim til Volda, seier konsulenten, som er aleineforsørgjar.
- Det er meir praktisk å bu i Volda, i forhold til barnepass og arbeid.

Nye arbeidsoppgåver
27-åringen starta i den nye stillinga 1. april, og gleder seg til å kome i gang med nye arbeidsoppgåver
- Det blir spennande å lære seg nye system, eg trur det kan vere nyttig med ein allsidig bakgrunn i eit yrke som mitt, seier ho.

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Informasjon og media 02.04.2008
Nettpraksis for Studentar ved Bachelorgradsstudiet i informasjon og media