Skriv ut

Nettsvela / Førstelektor evakuert /

Førstelektor evakuert

Onsdag 26. mars kollapset ei bustadblokk i Ålesund. Ringverknadane er store og opptil 615 personar har vore evakuert i følgje smp.no. Ein av desse er førstelektor ved høgskulen, Jan Arne Halvorsen.

Publisert av Tone Sørensen

 

Halvorsen er nabo til den samanraste blokka og bur berre 4 hus nedanfor, i same gate. Skredet gjekk i halv fire tida natt til onsdag, og før klokka halv seks gjekk alarmen. Halvorsen vart då kalla ut i beredskap av den alpine redningsgruppa han er medlem av. Han var då ikkje klar over at ulykka var berre 200 meter frå sin eigen bustad. Då han kom til staden vart det raskt avklart at det var lite dei kunne gjere. Gruppa vart satt i beredskap i Halvorsen sin eigen kjellar, fram til dei vart evakuerte frå staden.

 


 Jan Arne Halvorsen
Jan Arne Halvorsen kom
nær inn på ulykka i Ålesund 

Presseetikk og krisekommunikasjon
Til dagleg arbeider Jan Arne Halvorsen ved informasjonsutdanninga ved høgskulen. Frå ein fagleg ståstad meiner han dette er ei oppleving det kan haustast erfaringar frå, både når det gjeld presseetikk og krisekommunikasjon. Han opplever at informasjonen frå kommunen har vore god, men at pressa syner lite respekt for dei involverte.
- Det blir publisert saker utan hald og uttalingar som ikkje har vore sagt i det heile.
Dette er ei tragisk hending for dei involverte og det er viktig å vise respekt, seier Halvorsen. Som påpeikar at han sjølv har det bra.
- Dei praktiske problema eg har kjem heilt i skuggen av den tragedien dette er, understrekar han.


Studentar må vente
Halvorsen har ikkje hatt mogelegheit til å vere til stades på skulen desse dagane, og han utrykker bekymring for dei studentane som ikkje får den hjelp dei skulle ha hatt.
- Det er nok ein del frustrerte studentar som ikkje får rettleiing til bacheloroppgåva si, og det er ein del lause trådar som eg ikkje får gjort noko med no, seier Halvorsen, som håper han kan vere attende på skulen snarast råd.


 

 

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Informasjon og media 01.04.2008
Nettpraksis for Studentar ved Bachelorgradsstudiet i informasjon og media