|
Dei to første vekene av praksisen er no felles for alle spesialiseringane. I løpet av desse to vekene skal alle journalistikkstudentane skrive saker og publisere desse på nett. Nærnett, nettavisa til journalistane, er i drift frå sju om morgonen til halv ti om kvelden, fordelt på to vaktskifte.
Positive tilbakemeldingar og utfordringar
Lærarane ved journalistikkutdanninga har fått positive tilbakemeldingar på dette opplegget.
– Det kan bli litt stress til tider, sidan det no er viktig å få ut sakene tidligast mogleg, seier førsteårsstudent Eirik Røe. Men så langt er han fornøgd med praksisen. Han kan òg fortelje at det har vore ein del tekniske utfordringar på grunn av dårleg utvikla system, der det er manglande funksjonar og stadig nye oppdateringar.
Relevant for framtida
- Før endringane vår det ganske få som var på nett, no er det alle. Det er nyttig å lære seg å publisere på nett. No jobbar vi på ein annan måte enn vi har gjort tidlegare, noko som vil kome godt med når vi byrjar i arbeid etter enda utdanning, understrekar Eirik.
|