|
Kvart semester arrangerar Studentsamskipnaden helgeavlasting for studentar med born i barnehage- og småskulealder. Borna bur i Røysmarka barnehage saman med helgetantene.
Studentane Birte Lefdal (sosionom), Anne Marit Grønvold (sosionom) og Jeanita Hatlestad (barnevern) er tilsett som helgetanter. Dei har ansvar for tre born kvar.
 |
| Anne Marit Grønvold (t.v.) og Birte Lefdal er to av helgetantene og stortrivast saman med borna. |
- Vi tok på oss denne jobben for at den er relevant for studiet vårt. Avlastingshelgane er ganske intensive og vi er ganske slitne etterpå, men vi er glade i born og trivast kjempegodt saman med dei, seier Birte.
Det har stort sett vore åleineforeldre som har nytta seg av dette tilbodet tidlegare. Grunnen kan vere å få betre tid til oppgåveskriving eller rett og slett få ei frihelg. Denne våren er avlastinga lagd til 8. – 9. mars og 19. – 20. april.
Anne Marit fortel at både born og foreldre er veldig fornøgde med tilbodet.
- Sidan tilbodet berre er to til tre gongar i semesteret, gler borna seg til å kome attende. Vi leikar og kosar oss. Så ligg borna i sovepose på ei madrass på golvet. Alle ligg i same rommet og det er ganske spanande for borna, fortel Anne Marit.
Vil du vite meir om dette tilbodet gå inn på www.studentsamskipnaden.no.
Av Janita Mo
|