Skriv ut

Nettsvela / Siste frist for å søkje reportasjearbeid i India /

Siste frist for å søkje reportasjearbeid i India

I morgon 1. april er siste frist for å søke på emnet reportasjearbeid i framand kultur. Dersom du er journalistikkstudent og enno ikkje har søkt på dette valfrie emnet, bør du bruke dagen til å gjere dette.

Tekst: Lone Øverås Domaas

Studiet er i haustsemestret og studentane vil tilbringe 7 veker i India. Emnet er på 30 studiepoeng.

Emneansvarlig, Torgeir Dimmen, fortel at det foreløpig berre er to studentar som har søkt.
- For å kunne starte dette emnet bør det vere minst seks søkjarar, seier Torgeir.
Han  trur at ein av årsakene til det lave søkjartalet, kan vere sterk konkurranse frå andre utanlandsstudier.
- Elles kan det kanskje vere skremmande at ein må skrive motivasjonssøknaden på engelsk. Dette bør likevel vere overkommeleg sidan søknaden skal vere på inntil ei side, meiner Dimmen.

Ei unik moglegheit

Torgeir fortel at dei har fått svært gode tilbakemeldingar frå

tidlegare studentar.

- Dette studiet er svært nyttig og lærerikt og gjev studentane ei heilt unik oppleving som dei ikkje får på Høgskulen i Volda.
Medan studentane er i India deltek dei i undervisning på Mangalore University. I tilleg vil studentane reise rundt i India og lage reportasjar. Reportasjane inngår som ein del av eksamen. Fleire av dei tidlegare studentane har og fått reportasjane sine på trykk i store aviser som Aftenposten og Sunmørsposten, fortel Dimmen.

 


Reportasjearbeid i India er eit spenstig studie


Emnet er ope for alle som har fullført eit år på journalistikk. Det er også ein fordel å ha reiselyst og grunnleggande kunnskap i engelsk. 
Det er altså berre å ta pennen fatt og skrive ein motivasjonssøknad på inntil ei side, og hugs at søknaden må vere på engelsk.

Søknaden skal leverast til i posthylla til Torgeir Dimmen på AMF-gangen.  Formell registrering skjer på student-web i april.

 

 

Meir info på www.hivolda.no/index.php?ID=13343


 

 




Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Informasjon og media 02.04.2008
Nettpraksis for Studentar ved Bachelorgradsstudiet i informasjon og media