|
- Vi prøver å få til eit spenningspunkt mellom publikumsfilmar frå -68 som ikkje nødvendigvis har med opprøret å gjere, og filmar som var ein del av fenomenet, seier Rolf Werenskjold som er ein av dei ansvarlege for filmveka. Han dreg fram at 1968 sin publikumsvinnar, The Sound of Music, kan vere ein kandidat som opningsfilm.
Målgruppe Målgruppa er delt. Werenskjold nevner dei litt eldre, som såg filmane i 1968, og yngre filminteresserte. - Folk som er heilt opp i 80-åra, og deira born som kanskje var med på kino, seier han - I tillegg vil arrangementet vere av spesiell interesse for eit filminteressert publikum som ynskjer å sjå filmar som var og er viktige for filmhistoria. |
 - Filmane vert vist i samarbeid med Volda Filmteater, seier Rolf Werenskjold. |
|
- Det vil verte både populære og obskure spelefilmar, dokumentarar og musikkfilmar. Men vi er i planleggingsfasen, så ingenting er fastlagt foreløpig, seier Gunnar Strøm som også er med på arrangørsida, og nevnar filmeksempel som kultklassikaren Easy Rider og Woodstock, samt dokumentarar frå Vietnamkrigen og filmar som var del av den seksuelle frigjeringa.
Fagleg relevans - Filmane vil og bli viste med ein fagleg bistand der ein introduserar filmane og set dei i ein breiare kontekst, seier Werenskjold. Han legg til at det etter planen ikkje skal verte dyre kinobillettar. - Formålet er å vise gode filmar, smiler Rolf Werenskjold. |