Skriv ut

Nettsvela / Ny filmklubb slit med dårleg oppmøte /

Ny filmklubb slit med dårleg oppmøte

I ei bygd som Volda skulle ein tru at eitkvart kulturtilbod ville bli flittig nytta. Likevel spøker det allereie for Volda Filmklubb, som starta opp att drifta i januar.

 

Tekst og foto: Malin Aa. Boska

 

- Det er for gale når storfilmar som «The Good, the Bad and the Ugly» ikkje har meir enn fire-fem betalande, sukkar Sverre Øvrelid Steen. Han er leiar i den nye filmklubben, som er ein fusjon av to tidlegare filmklubbar, Volum og Volda & Ørsta Filmklubb.

 

Styrka kulturtilbod

Steen seier at dei var klar over vanskane med å halde liv i denne typen tilbod, då dei i fjor haust tok til med å stable ein filmklubb på beina. Men dei trudde likevel at det skulle vere marknad for ein i filmklubb i bygda. I alle fall med det breie utvalet filmar dei set opp, forklarar han.

 

­- Slik vi såg det for oss, ville dei to ulike fraksjonane styrke kvarandre, og på den måten famne eit større publikum, seier Steen.

 

Synkande interesse
Han omtalar gamle Volum Filmklubb som ein rein musikkfilmklubb, med musikkdokumentarar og konsertfilmar på programmet, medan Volda & Ørsta Filmklubben fokuserte på spelefilmar.
- Difor er eg overraska over at ikkje fleire finn vegen til visningane, påpeiker han.
- Rett nok var der ein del tilskodarar dei første vekene, men lufta gjekk ut av ballongen rimeleg fort.


Sverre Steen, leiar for Volda Filmklubb.

Tek sjølvkritikk

Steen vedgår at dei ikkje berre kan skulde på Volda-publikummet.

- Der er mange ting vi kunne og kan bli betre på, slik som promotering. Men, seier han, det er ikkje berre enkelt når tre-fire personar skal dra heile lasset. Då vil det bli litt på lukke og fromme.

 

- Kva meiner du kan gjerast?

 

- Som sagt er det mykje å hente på promotering. For potensielle medlemmer og tilskodarar, bør det ikkje mangle på i ei bygd med så mange studentar, meiner han.

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Informasjon og media 07.03.2008
Nettpraksis for Studentar ved Bachelorgradsstudiet i informasjon og media