Skriv ut

Nettsvela / Vegen tilbake /

Vegen tilbake

Trøytte og slitne etter eit langt landsmøte, vender våre tapre studentar tilbake til Volda. På vegen tilbake lærte dei mykje nytt og opplevde å tenke at landet vårt er ein einaste stor bakke.

Tekst og foto: Sølve Tafjord og Ole Martinus Breivik


Mari Svartveit og Trine Selbek klar for "roadtrip".

Me forlot Hamar rundt klokka tre og rekna med at det skulle bli ein lett tur heim. Svoltne vart me etter ei lita stund og bestemte oss for å køyre innom Lillehammer for å ete pizza eller noko anna me kunne finne på ein søndag. Dette høyres kanskje lett ut, men viste seg å vere ei større utfordring enn nokon kunne tru. Lillehammer består av bakkar bygd oppå bakkar, og dette utgjer ein labyrint uten skikkeleg skilting, eller handicapvenlege parkeringsplassar. Me kunne konstatere med at me hadde fylgd skiltinga til sentrum, men vart aldri heilt sikker på om me fant det. Alt var likt, og ei gate likna ikkje noko meir på eit sentrum enn den neste.
Ute av labyrinten
Etter mykje køyring gav me opp, og fant omsider vegen ut av labyrinten og køyrde ein liten time for å finne ein liten pizzeria. Det gjorde seg verkeleg siden maten me fekk på landsmøtet var i minimalistiske posjonar. Ein voksen person blir ikkje mett på tomatsalat og ei kyllingflis. Ikkje ta det ille opp, maten var god, men det var for lite, spesielt for ein svolten delegasjon frå sunnmøre. Vidare på vegen sovna nokre av oss i bilen, der då andre fulgte den uskrevne regelen og sørga for å plage vedkomne resten av vegen.

Allsong og heimlengsel
Eit par tissepausar seinare var me nesten i Volda, og det var då ting verkeleg gjekk av skaftet.
Allsongen tok laus. Me fekk utlevert kvart vårt songhefte på landsmøtet, og dette blei nytta fullt ut no den siste stunda av turen vår. Me kan nevne eksempel som alle duene og grevling i taket.

 

No håpar studenttinget på innspel og kommentarar frå studentane, og at nokon vil vere med på neste års landsmøte som delegat frå Volda, for dette var verdt turen!



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Informasjon og media 20.04.2008
Nettpraksis for Studentar ved Bachelorgradsstudiet i informasjon og media