|
StLs framtid I saka om StL si framtid var det store spørsmålet om Stl ville slå seg saman med Norsk StudentUnion(NSU). Det vart fort fastslått at alle ville at StL skulle gå inn i forhandlingar med NSU, men det store spørsmålet vart tidsbegrensingar og kva føresetnadane og krava til StL skulle vere. Her vedtok Landsmøtet at dei skulle få bruke den tida dei trengde, og at me ikkje skulle legge noko politisk grunnlag for forhandlingane, då fleiretalet var einige om at dette ville gjere prossesen for vanskeleg. Delegasjonen frå HVO var uenige i tidsperspektivet, og syns det burde vore ei begrensing fram til 2010 når Stjernø er ferdig med sitt arbeide.
Elles var det mykje saker som omhandla det andre rundt StL, som vedtekter, arbeidsprogram, og liknande. Dette var formalitetar, men viktige likevel, som me brukte mykje tid på.
 Nye leiar Øistein Svelle meinar studentane er sjølve bakepulveret.
Elles vart det også valgt nytt styre.
- Øistein Svelle, leder
- Sine Halvorsen, nestleder
- Ina Tandberg, internasjonalt ansvarlig
- Andreas Faye Lund, velferdsansvarlig
- Kent Are Varmedal, fag- og forskningsansvarlig
Dei ser fram til arbeidet som dei skal byrja på til sommaren, og har allereie begynt å førebu seg. Dei har alle saman erfaring frå StL frå før, i styret eller utval. Elles vart Ole Martinus Breivik frå HVO vald til StL sin valkomite.
Dersom du lurer på noko anna angåande StL sitt landsmøte er det berre å ta kontakt med Studenttingsstyret. |