Omgjering av lån til stipend etter bestått eksamen
Når du har bestått utdanninga di, kan delar av lånet ditt bli gjort om til stipend. Du må sjølv sende inn vitnemålet ditt når du har fullført og bestått utdanninga di i utlandet
Full omgjering av lån til stipend får du dersom du består så mange studiepoeng som du har fått stipend for å ta. Får du stipend til fulltidsutdanning, vil det seie at du må ta tilsvarande 30 studiepoeng per semester. Består du berre delar av utdanninga, vil du få ein mindre del av lånet gjort om til stipend.
Du må sjølv sende inn vitnemålet ditt
Du må sjølv sende inn dokumentasjon på resultat du har oppnådd frå utdanning i utlandet. Det er til vanleg ikkje nødvendig å sende inn dokumentasjon før heile utdanninga eller graden er avslutta. Dei som tek ei utdanning som varar i meir enn tre år, må i tillegg sende inn dokumentasjon på faglege resultat om lag midt i studiet. Lånekassen ventar at du sender inn vitnemålet ditt så snart som muleg etter at du har avslutta utdanninga di.
Når Lånekassen har gjort lån om til stipend, vil du få eit brev i posten som fortel kor mykje som er gjort om, og kva eksamensdata som er registrerte på deg.
Så mykje lån kan du få gjort om til stipend:
Utdanningsstipendet blir behovsprøvd på etterskot mot inntekta og formuen di. Det blir gjort når likninga er ferdig.
| |
Utbetalt stipend per måned |
Lån som kan bli gjort til stipend per måned |
Makimalt stipend etter omgjøring |
| Høsten 2003 |
kr 2 000 |
kr 1 200 |
kr 3 200 per md |
| Våren 2004 |
kr 2 000 |
kr 1 200 |
kr 3 200 per md |
| Høsten 2004 |
kr 0 |
kr 3 200 |
kr 3 200 per md |
| Våren 2005 |
kr 0 |
kr 3 200 |
kr 3 200 per md |
| Høsten 2005 |
kr 0 |
kr 3 200 |
kr 3 200 |
| Våren 2006 |
kr 0 |
kr 3 200 |
kr 3 200 |
| Høsten 2006 |
kr 0 |
kr 3 256 |
kr 3 256 |
| Våren 2007 |
kr 0 |
kr 3 256 |
kr 3 256 |
| Høsten 2007 |
kr 0 |
kr 3 316 |
kr 3 316 |
| Våren 2008 |
kr 0 |
kr 3 316 |
kr 3 316 |
Dersom du har teke for få studiepoeng
Du får berre omgjering av lån til stipend for den delen av utdanninga som er bestått. Bruker du til dømes sju semester på ei utdanning som er normert til seks semester, vil du berre få gjort om lån til stipend for seks semester.
Dersom du har teke ekstra studiepoeng
Består du meir enn det som er full studiebelastning, blir dei ekstra studiepoenga sette på ein "sparekonto". Du "sparer" dei til eit semester når du ikkje oppnår nok studiepoeng til å få full omgjering. Alternativt blir dei ekstra studiepoenga "tekne ut" for å gi deg meir omgjering for eit tidlegare semester (ikkje tidlegare enn hausten 2002), då du ikkje fekk maksimal omgjering fordi du ikkje hadde nok studiepoeng.
Full omgjering dersom du har vore sjuk eller har fått barn
Har du vore sjuk og fått sjukestipend, eller fått barn og motteke fødselsstipend, kan du likevel få full omgjering for det aktuelle semesteret, sjølv om du ikke har bestått alle eksamenane.