Kven kan få støtte
Statsborgarskap
For å få støtte til studiar i utlandet må du som hovedregel vere norsk statsborgar. Er du statsborgar frå eit EØS-land, kan du på visse vilkår få støtte på linje med norske statsborgarar. Les meir her dersom du er statsborgar frå eit EØS-land.
Generell studiekompetanse
Du må ha generell studiekompetanse i Noreg for å få støtte til land utanfor Norden. Den vanlegaste måten å oppnå generell studiekompetanse på er gjennom bestått treårig vidaregåande opplæring. Er du usikker på om du har generell studiekompetanse? Ta skriftleg kontakt med næraste universitet eller høgskole eller den vidaregåande skolen du har gått på.
Dersom du har teke heile den vidaregåande opplæringa di i utlandet, kan du ta kontakt med Samordna opptak, Postboks 1175, Blindern, 0317 Oslo, telefon 815 48 240. Du må leggje ved dokumentasjon på tidlegare utdanning når du vender deg til dei.
Realkompetanse
Det kan bli gjort unnatak frå regelen om generell studiekompetanse dersom du er 25 år eller eldre og har fått studierett på grunnlag av realkompetanse.
Botid i Noreg
Dersom du skal ta utdanning i land utanfor Norden, må du ha budd i Norge i ein samanhengande periode på minst to år i løpet av dei siste fem åra før utdanninga starter.
Studieplass
Du må ha fått endeleg opptaksbevis, det vil seie eit opptaksbevis utan vilkår. Lærestaden og utdanninga må vere offentleg godkjent i studielandet. I tillegg må du vere på lærestaden og kunne følgje undervisninga.
Les meir om krav til utdanninga.