Trygdeforhold

Folketrygda har ulike ordningar for norske statsborgarar som studerer i utlandet. Det er forskjellige ordningar alt etter i kva for land og kor lenge du skal studere.

Dersom du skal studere i utlandet og får støtte frå Lånekassen, blir du automatisk registrert som medlem i Folketrygda. Du vil få sendt informasjon og eventuelt eit trygdebevis frå Folketrygdekontoret for utanlandssaker. Dersom du ikkje får støtte frå Lånekassen, må du sjølv melde frå til det lokale trygdekontoret ditt og skaffe deg eit trygdebevis.

Ver merksam på at det gjeld forskjellige vilkår for land i Norden, Storbritannia og land innanfor og utanfor EØS/Sveits. Du finn meir informasjon om dette på NAV sine sider for opphald i utlandet.