Ofte spurte spørsmål om eFaktura
Korleis får eg eFaktura?
Kva er eFaktura-referansen til Lånekassen?
Kvifor får eg ikkje godkjent bestillinga?
Eg har bestilt eFaktura, men eg fekk rekning i posten likevel. Kvifor det?
Slepp eg å betale gebyret på 35 kroner dersom eg bruker eFaktura?
Kostar det noko med eFaktura?
Blir kontoen min belasta automatisk når eg bestiller eFaktura?
Kan eg få eFaktura ein gong i månaden?
Kan eg endre beløpet på fakturaen?
Eg bur i utlandet. Kan eg bruke eFaktura?
Eg er inkassokunde hos dykk. Kan eg få eFaktura?
Korleis veit eg at eFakturaen er komen i nettbanken min?
Kjem purringane også på eFaktura?
Kva skjer dersom eg byter bank?
Korleis seier eg opp ein avtale om eFaktura?
Korleis får eg eFaktura?
Du må gå inn i nettbanken din. Der bestiller du eFaktura. Oversikt over nettbankar som tilbyr eFaktura.
Kva er eFaktura-referansen til Lånekassen?
Det er ditt eige kundenummer i Lånekassen. Kundenummeret ditt finn du på den siste rekninga frå Lånekassen. eFakturareferansen er alltid 7 siffer. Dersom du har eit kundenummer med færre siffer, skal det vere 0 (null) fyrst i talrekkja.
Kvifor får eg ikkje godkjent bestillinga?
Det er berre kundar som er registrerte nettbankbrukarar (altså at personnummeret ditt stemmer med eigar av nettbank) som kan bestille :eFaktura frå Lånekassen. Årsaka til det er at vi sender opplysningar i eFakturaen som kjem inn under teieplikta.
Eg har bestilt eFaktura, men eg fekk rekning i posten likevel. Kvifor det?
Ei årsak kan vere at du bestilte eFaktura etter at vi hadde sendt rekninga til deg, men at du ikkje hadde motteke den enda. Ei anna forklaring kan vere at du ikkje fekk godkjent bestillinga. Det kan skyldåst feil i kundenummer eller fødselsnummer.
Slepp eg å betale gebyret på 35 kroner dersom eg bruker eFaktura?
Ja.
Kostar det noko med eFaktura?
Nei, det kostar ingenting med eFaktura. Tvert i mot. Du slepp gebyret på 35 kroner per termin.
Blir kontoen min belasta automatisk når eg bestiller eFaktura?
Nei, du må sjølv trykkje på ”betal” for at kontoen din skal bli belastast. Lånekassen tilbyr ikkje avtalegiro.
Kan eg betale kvar månad sjølv om eg bestiller eFaktura?
Det kan du akkurat som før. Men vi sender ikkje ut eFaktura meir enn fire gonger i året. Dersom du betaler kvar månad og noko av beløpet står igjen når vi sender ut eFakturaen, er det dette beløpet som står på rekninga. Dersom du har betalt heile beløpet, står det 0,- på fakturaen.
Kan eg få eFaktura ein gong i månaden?
Nei, det er ingenting som blir forandra bortsett frå at rekninga kjem i nettbanken din i staden for i postkassa. Du kan likevel betale kvar månad dersom du ønskjer det.
Kan eg endre beløpet på fakturaen?
Ja, det kan du gjere, men eFaktura følgjer dei same reglane slane på papir når det gjeld purring og gebyr.
Eg bur i utlandet. Kan eg bruke eFaktura?
Dersom du bruker ein norsk nettbank, kan du bestille eFaktura.
Eg er inkassokunde hos dykk. Kan eg få eFaktura?
Nei, berre tilbakebetalarar som følgjer vanleg varsling (rekning fire gonger i året).
Korleis veit eg at eFakturaen er komen i nettbanken min?
Dersom du vil, kan du bli varsla på e-post når eFakturaen ligg klar i nettbanken.
Korleis får eg melding om renteendringar dersom eg bestiller eFaktura?
Det står på rekninga når du opnar den i nettbanken din. Alle vedlegg og all informasjon som kom på papirrekninga, får du no på eFakturaen din.
Kjem purringane også på eFaktura?
Andregongsvarslinga kjem som eFaktura, men varsel om oppseiing (tredjegongspurring) kjem i posten.
Kva skjer dersom eg byter bank?
Då kjem eFakturaen til den nye nettbanken din. Dersom ei rekning allereie er send til den gamle nettbanken din, og du byter bank, blir den gamle liggjande til du har betalt den, men nye rekningar kjem til den nye banken.
Korleis seier eg opp ein avtale om eFaktura?
Det gjer du i nettbanken din. Du kan ikkje gi melding om det til Lånekassen.