Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i retorikk

ingressbilde

Introduksjon

Kva er det som gjer at Barack Obama blir rekna for å vere ein spesielt god retorikar? Klarer du å overtyde? Har du tenkt på kvifor du lukkast eller mislukkast? Korleis påverkar menneska kvarandre med ord og bilde?

Retorikk er læra om korleis ein appellerer til sine medmenneske på ein overtydande måte. Enten du diskuterer med venner, held ein politisk tale, skriv ei omtale eller utviklar ein reklamekampanje, så praktiserer du retorikk. Heilt frå Aristoteles og sofistane til kommunikasjonsforskinga i våre dagar har mennesket prøvd å finne ut korleis vi påverkar kvarandre. Kvifor blir vi påverka og overtydde av enkelte personar, men ikkje av andre? Kva gjer ei form for retorikk formålstenleg eller overtydande og ei anna problematisk eller ineffektiv?

Studiet gir ei historisk og systematisk innføring i retorikken som generell kommunikasjons- og argumentasjonslære. Du får innsikt i utviklinga av det retoriske fagfeltet frå antikken fram til mediesamfunnet i dag, og kompetanse i retorisk analyse og evaluering av ulike tekstformer og sjangrar. I tillegg får du kompetanse i praktisk retorisk kommunikasjon og formidling.

Studievegar

Bachelor (3 år)

I det treårige bachelorstudiet tar du ei spesialisering i retorikk og 60 frie studiepoeng. Du kan òg velje ei dobbel spesialisering i retorikk og i eitt av faga: kunsthistorie, litteraturvitskap, medievitskap, nordisk, filosofi, gresk eller latin.

Master

Etter bachelorprogrammet i retorikk kan du søke opptak til eit toårig masterprogram i retorikk ved eit anna universitet. UiB har i dag ikkje noko masterprogram i retorikk. Dersom du vel ei dobbel spesialisering, kan du ta ein toårig mastergrad i spesialisering 2 ved UiB.

Forsking

Retorikkforskinga ved UiB er mangfaldig. Forskarar undersøker retorisk argumentasjon, den norske politiske talen si historie, dei utforskar retorikken i samband med EU-integrasjonsprosessen, i samband med lov, rett og litteratur, og i reklame, kunsthistorie og visuell kommunikasjon.

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta delar av utdanninga di i eit anna land. UiB har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. Når det gjeld bachelorprogrammet i retorikk, vel vi i tillegg ut særskilde samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for deg. Dette kan for eksempel vere retorikkstudiet i København. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden. Valet av utanlandsopphald bør gjerast i samråd med studierettleiaren.

.

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i retorikk gir både allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekke yrkessamanhengar og spesialkunnskap i formidling og kommunikasjon. Studiet lærer deg å analysere, vurdere og produsere formålstenleg kommunikasjon. Dette vil vere nyttig i undervisning, reklame, journalistikk og ei rekke former for tekst- og informasjonsarbeid. Ved påbygging til mastergrad får du kvalifikasjonar for vidare studium og for forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Når du har fullført dette studieprogrammet, får du graden bachelor i retorikk.

Undervisningsspråk

Skandinavisk

Mål og innhald

Formålet med programmet er å gi studentane historisk, teoretisk, analytisk og kritisk kompetanse i retorikk, i tillegg til å medverke til å trene studentane si evne til praktisk kommunikasjon. Programmet er 3-årig (180 studiepoeng) og mål for utdanninga er at studentane får:

 

- innsikt i utviklinga av det retoriske fagfeltet frå antikken og fram til mediesamfunnet i dag

- innsikt i sentrale teoriar på feltet frå dei klassiske innføringane i kunsten å tale til aktuelle nyretoriske framstillingar, og dessutan retorikken i samfunn og media i vår tid

- kompetanse i retorisk analyse og evaluering av ulike tekstformer og sjangrar

- kompetanse i praktisk retorisk kommunikasjon og formidling

 

Studieprogrammet gir ei historisk og systematisk innføring i retorikken som generell kommunikasjons- og argumentasjonslære. Vi ser på retorikken i forhold til kulturelle, historiske og situasjonelle tilhøve, og drøftar retorikken sitt forhold til sjangrar, medium og formidlingsmåtar.

 

Vi går òg tett på retorikk som argumentasjon, estetikk og etikk. Som kommunikasjonslære har retorikken vakse fram frå praksis. Ein har observert kvifor somme lukkast og andre feilar. Derifrå har ein laga teoretiske retningslinjer for den gode og den effektive kommunikasjonen. Retorikkstudiet er framfor alt ei teoretisk universitetsutdanning, men utdanninga vidareførar forbrødringa mellom teori og praksis ved óg å la studentane arbeide med enkelte praktiske kommunikasjonsoppgåver der dei får trent opp si eiga formidlingskompetanse.

Læringsutbyte

Ein kandidat med bachelorgrad i retorikk skal kunne

  • gjere greie for sentrale utviklingstrekk i retorikken si historie frå antikken og fram til våre dagar og demonstrere forståing for retorikken si kulturelle kontekst.
  • gjere greie for grunnleggjande aspekt ved retorisk kommunikasjon og den retoriske tradisjon i høve til antikk kultur, litteraturvitskap, kunsthistorie, nordisk, filosofi og medievitskap.
  • reflektere over spørsmål i kommunikasjon som knyter seg til etikk og effektivitet, sanning og sannsynlegheit, fiksjon og fakta, uttrykk og innhald, estetikk, normer og verdiar.
  • demonstrere forståing for produksjon og resepsjon av retorikk i skjønnlitteratur, sakprosa, kunst og media.
  • forklare og bruke retoriske teoriar og omgrep om kommunikasjon og påverknad. Gjere greie for tydinga av ulike uttrykksformer (som tale, tekst, bilete, lyd og multimodale utrykk) og media for retorisk kommunikasjon.
  • analysere verbale, visuelle og multimodale tekstar for å avdekkje korleis dei appellerer retorisk.
  • analysere kommunikasjonssituasjonane og vurdere dei retoriske responsane som er/vil vere mest passande.
  • gjennomføre argumentasjonsanalysar
  • gi råd og rettleiing om formålstenleg kommunikasjon.
  • formidle klart, levande, korrekt og passande både munnleg og skriftleg.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i retorikk skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet):

 

- EXPHIL-HFSEM eller EXPHIL-HFEKS Examen philosophicum

- EXFAC00AS Akademisk skriving

- EXFAC00SK Språk og kommunikasjon eller

- EXFAC00TKSEM eller EXFAC00TKEKS Tekst og kultur

 

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Rekkjefølgja for emna i programmet kan vere noko ulik for den einskilde student, avhengig av om ein tar ei vanleg spesialisering i retorikk, eller ei dobbel spesialisering.

Med enkel spesialisering i retorikk vil ei mogleg rekkjefølgje vere som under.

1. semester: Exphil og Exfac.

2. semester: RET101 og RET102 (obligatoriske i retorikkspesialiseringa og -programmet)

3. semester: spesialiseringsfag i retorikk

4. og 5. semester: valfrie emne

6.semester: spesialiseringsfag i retorikk og BA-oppgåve

Retorikkemne og frie emne kan også takast parallellt i 4. og 5. semester, alt etter kva emne studenten vel og kva kombinasjonar som er praktisk mogleg.

Med dobbel spesialisering i retorikk vil rekkjefølgjen vere meir fastlagd:

1. semester: Ex.phil og Ex.fac.

2. semester: RET101 og RET102 (obligatoriske i retorikkspesialiseringa og -programmet)

3. semester: spesialiseringsfag 1 retorikk

4. og 5. semester: spesialiseringsfag 2

6. semester: spesialiseringsfag og BA-oppgåve

 

 

I den følgjande teksten lister vi emna som er obligatoriske i dei ulike spesialiseringsvariantane.

 

Spesialisering i retorikk (enkel spesialisering)

Spesialiseringa i retorikk skal innehalde RET101, RET102 og fire av emna RET208, FIL120 og FIL122, KUN208/KUN258, MEVI203, RET256/RET206, RET255/RET205 eller MEVI307. Spesialiseringa må innehalde minst eitt emne med bacheloroppgåve (semesteroppgåve) og til saman må den omfatte 90 studiepoeng.

 

 

Variantane med dobbel spesialisering:

 

Dobbel spesialisering i retorikk og litteraturvitskap

RET256 tel med i begge spesialiseringane.

Spesialiseringa i retorikk skal innehalde RET101, RET102, og to av emna RET208, MEVI203 eller MEVI307. I tillegg kjem RET256 og ALLV202.

Spesialiseringa i litteraturvitskap skal innehalde ALLV101, ALLV102, ALLV103, ALLV104, RET256 og ALLV202.

ALLV202 kan bytast ut med andre ALLV-emne på 200-nivå.

 

 

Dobbel spesialisering i retorikk og kunsthistorie

KUN258 tel med i begge spesialiseringane.

Spesialiseringa i retorikk skal innehalde: RET101, RET102 og to av desse emna: MEVI203,MEVI307 eller RET208, i tillegg til KUN258. Spesialiseringa i kunsthistorie skal innehalde KUN121, KUN122, KUN123 KUN124, og KUN201 i tillegg til KUN258.

 

 

Dobbel spesialisering i retorikk og medievitskap

Spesialiseringa i retorikk skal innehalde RET101, RET102, to av emna MEVI203, MEVI307, ellerRET208, I tillegg MEVI200 og eit valfritt emne på 200-nivå i medievitskap.

Spesialiseringa i medievitskap skal innehalde MEVI101, MEVI102, MEVI103, MEVI104 og MEVI200, samt eit valfritt emne på 200-nivå medievitskap.

 

 

Dobbel spesialisering i retorikk og nordisk

RET255 inngår i begge spesialiseringane.

Spesialiseringa i retorikk skal innehalde: RET101, RET102 og to av emna MEVI203, MEVI307, eller RET208. I tillegg inngår RET255 og NOLI212. NOLI212 kan erstattast av anna

200-emne på nordisk.

Spesialiseringa i nordisk skal innehalde NOSP102, NOLI102, NOSP103, NOLI103, RET255 og NOLI212. NOLI212 kan erstattast av eit anna 200-emne på nordisk.

 

 

Dobbel spesialisering i retorikk og filosofi

RET208 inngår i begge spesialiseringane.

Spesialiseringa i retorikk skal innehalde: RET101, RET102 og to av desse emna: MEVI203 eller MEVI307, i tillegg til RET208 og FIL251.

Spesialiseringa i filosofi skal innehalde: FIL121, FIL123, FIL120, FIL122, FIL125, FIL126, og et valemne i filosofi på 200-nivå, i tillegg til RET208 og FIL251.

 

 

Dobbel spesialisering i retorikk og gresk

Spesialiseringa i retorikk skal innehalde RET101, RET102, to av emna MEVI203, MEVI307 eller RET208. I tillegg inngår GRE202 og GRE251.

Spesialiseringa i gresk skal innehalde GRE101, GRE102, GRE103, GRE104, GRE251, GRE202.

 

 

Dobbel spesialisering i retorikk og latin

Spesialiseringa i retorikk skal innehalde RET101, RET102, to av emna MEVI203,MEVI307 eller RET208. I tillegg inngår LAT202 og LAT251.

Spesialiseringa i gresk skal innehalde LAT101, LAT102, LAT104, LAT105, LAT251, LAT202.

Delstudium i utlandet

Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar, både i og utanfor Europa. Når det gjeld bachelorprogrammet i retorikk, vel vi i tillegg ut særskilde samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for deg, til dømes retorikkstudiet i København. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden.

 

Ved ei dobbel spesialisering er gunstigste semester for delstudium i utlandet tredje semester og eventuelt sjette semester, litt avhengig av kva som er spesialiseringsfag 2. Utanlandsopphaldet må planleggjast i samråd med studierettleiar.

 

Undervisningsmetodar

Undervisninga på retorikkprogrammet femner om førelesingar, seminargruppearbeid, rettleiing av semesteroppgåver, og dessutan tilbakemelding på studentane sine eigne skriftlege og munnlege presentasjonar.

Vurderingsformer

For å teste at dei forventa læringsresultata er oppnådde blir det i retorikkprogrammet nytta ei rekkje ulike vurderingsformer: Flervalsoppgåver prøver grunnleggjande faktakunnskapar. Semesteroppgåve og heimeeksamen prøver evna til sjølvstendig kritisk refleksjon, analyse og argumentasjon samt skriftleg framstilling. Munnlege presentasjonar prøver evna til munnleg framstilling. Skuleeksamen prøver evna til umiddelbar anvending av kunnskap til sjølvstendig tenkjing.

Karakterskala

I løpet av studiet vil det bli nytta nasjonal karakterskala (A-F). Nokre emne kan nytta karakterssysteme bestått/ikkje-bestått.

Grunnlag for videre studium

Spesialiseringa i eit fag er, i tillegg til godkjend bachelorgrad, grunnlaget for å søkje opptak til eit masterstudium i det aktuelle faget. Universitetet i Bergen tilbyr per i dag ikkje mastergrad i retorikk. Studentar som har ei spesialisering i retorikk kan søkje opptak til ein mastergrad ved andre lærestader, til dømes ved Universitetet i Oslo eller Universitetet i København.

 

Studenter som har ei dobbel spesialisering kan også søkje opptak til mastergrad i spesialiseringsfag 2 ved UiB.

Relevans for arbeidsliv

Bachelorprogrammet i retorikk gir både generelle allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrkesmessige samanhengar og spesialkunnskap innan formidling og kommunikasjon. Studiet gir allmenn kompetanse i å analysere, evaluere og produsere føremålstenleg kommunikasjon. Dette er kunnskap og kompetanse som er nyttig innan informasjons- og kommunikasjonsarbeid, undervisning, reklame, journalistikk og ei rekkje former for skribent- og tekstarbeid.

Ved påbyggjing til mastergrad får studenten kvalifikasjonar for forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Evaluering

Programmet blir kontinuerleg evaluert av programsensor, i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB.

Evaluering av enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtala i emneplanane.

Programansvarleg

Programstyret for retorikkprogrammet har ansvar for fagleg innhald, oppbyggjing av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Programstyret er sett saman av representantar for samarbeidsfaga ved UiB: klassiske fag, filosofi, nordisk, litteraturvitskap, kunsthistorie og medievitskap.

 

Programansvarlig/leder av programstyret: Jens E. Kjeldsen (Institutt for Infomedia). Kontakt: jens.kjeldsen@infomedia.uib.no

Adminstrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Mål og innhald

Formålet med programmet er å gi studentane historisk, teoretisk, analytisk og kritisk kompetanse i retorikk, i tillegg til å medverke til å trene studentane si evne til praktisk kommunikasjon. Programmet er 3-årig (180 studiepoeng) og mål for utdanninga er at studentane får:

 

- innsikt i utviklinga av det retoriske fagfeltet frå antikken og fram til mediesamfunnet i dag

- innsikt i sentrale teoriar på feltet frå dei klassiske innføringane i kunsten å tale til aktuelle nyretoriske framstillingar, og dessutan retorikken i samfunn og media i vår tid

- kompetanse i retorisk analyse og evaluering av ulike tekstformer og sjangrar

- kompetanse i praktisk retorisk kommunikasjon og formidling

 

Studieprogrammet gir ei historisk og systematisk innføring i retorikken som generell kommunikasjons- og argumentasjonslære. Vi ser på retorikken i forhold til kulturelle, historiske og situasjonelle tilhøve, og drøftar retorikken sitt forhold til sjangrar, medium og formidlingsmåtar.

 

Vi går òg tett på retorikk som argumentasjon, estetikk og etikk. Som kommunikasjonslære har retorikken vakse fram frå praksis. Ein har observert kvifor somme lukkast og andre feilar. Derifrå har ein laga teoretiske retningslinjer for den gode og den effektive kommunikasjonen. Retorikkstudiet er framfor alt ei teoretisk universitetsutdanning, men utdanninga vidareførar forbrødringa mellom teori og praksis ved óg å la studentane arbeide med enkelte praktiske kommunikasjonsoppgåver der dei får trent opp si eiga formidlingskompetanse.

 

 

 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær: 43,0¿Førstegangsvitnemål: Alle

Antall studieplasser

22

Overgangsordninger

Du kan byte studieprogram både haust og vår. På nettsidene våre får du meir informasjon om kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker.

Læringsutbyte

Ein kandidat med bachelorgrad i retorikk skal kunne

  • gjere greie for sentrale utviklingstrekk i retorikken si historie frå antikken og fram til våre dagar og demonstrere forståing for retorikken si kulturelle kontekst.
  • gjere greie for grunnleggjande aspekt ved retorisk kommunikasjon og den retoriske tradisjon i høve til antikk kultur, litteraturvitskap, kunsthistorie, nordisk, filosofi og medievitskap.
  • reflektere over spørsmål i kommunikasjon som knyter seg til etikk og effektivitet, sanning og sannsynlegheit, fiksjon og fakta, uttrykk og innhald, estetikk, normer og verdiar.
  • demonstrere forståing for produksjon og resepsjon av retorikk i skjønnlitteratur, sakprosa, kunst og media.
  • forklare og bruke retoriske teoriar og omgrep om kommunikasjon og påverknad. Gjere greie for tydinga av ulike uttrykksformer (som tale, tekst, bilete, lyd og multimodale utrykk) og media for retorisk kommunikasjon.
  • analysere verbale, visuelle og multimodale tekstar for å avdekkje korleis dei appellerer retorisk.
  • analysere kommunikasjonssituasjonane og vurdere dei retoriske responsane som er/vil vere mest passande.
  • gjennomføre argumentasjonsanalysar
  • gi råd og rettleiing om formålstenleg kommunikasjon.
  • formidle klart, levande, korrekt og passande både munnleg og skriftleg.

Oppbygging

Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne. I tabellen kan du sjå eit eksempel på korleis studiet kan leggast opp. Spesialisering 2 viser til emner i eitt av desse faga: filosofi, gresk, latin, litteraturvitskap, kunsthistorie, medievitskap eller nordisk.Studierettleiaren for programmet kan hjelpe deg med å legge opp studieløpet.

 

Semester Innhald Studiepoeng

1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum 30

2. semester Retorikk 30

3. semester Retorikk 30

4. semester Frie studiepoeng eller spesialisering 2 30

5. semester Frie studiepoeng eller spesialisering 2 30

6. semester Retorikk og bacheloroppgåve 30

Meir informasjon

Studiekode

184909

BAHF-RET/Bachelorprogram i retorikk
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC00AS Examen facultatum, Akademisk skriving 10 1-12 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-HFEKS Examen philosophicum - skuleeksamen 10 1-12 1
EXPHIL-HFSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-12 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC00TKEKS Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen 10 1-12 1
EXFAC00TKSEM Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell 10 1-12 1
Bachelorprogram i retorikk - spesialiseringer
Spesialisering i retorikk (krav: 90 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
RET101 Retorikk 15 1-12 2
RET102 Klassisk retorikk 15 1-12 2
    Vel minst fire av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
FIL112 Klassiske filosofiske tekster. Fortolking og argumentasjon - 1-12 2
KUN117 Visuell retorikk - 1-12 3
RET203 Medieretorikk - 1-12 3
RET207 Vår tids visuelle retorikk 15 1-12 3
RET208 Praktisk argumentasjon 15 1-12 7
RET256 Litteraturvitskapleg retorikk med bacheloroppgåve 15 1-12 6
RET206 Litteraturvitskapleg retorikk 15 1-12 6
RET255 Nordisk retorikk med bacheloroppgåve 15 1-12 6
RET205 Nordisk retorikk 15 1-12 6
Spesialisering i retorikk - krav til bacheloroppgave (krav: 15 SP)
      Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
FIL112 Klassiske filosofiske tekster. Fortolking og argumentasjon - 1-12
RET203 Medieretorikk - 1-12
RET207 Vår tids visuelle retorikk 15 1-12
RET255 Nordisk retorikk med bacheloroppgåve 15 1-12
RET256 Litteraturvitskapleg retorikk med bacheloroppgåve 15 1-12
Dobbel spesialisering i retorikk og filosofi (krav: 150 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
RET101 Retorikk 15 1-12 2
RET102 Klassisk retorikk 15 1-12 2
FIL111 Filosofiske grunnspørsmål i filosofihistoria - 1-12 4
FIL112 Klassiske filosofiske tekster. Fortolking og argumentasjon - 1-12 4
FIL103 Logikk, språk- og vitskapsfilosofi - 1-12 5
RET208 Praktisk argumentasjon 15 1-12 5
FIL250 Bacheloroppgåve i filosofi - 1-12 6
    Vel minst to emne
Emnekode Emnetittel SP S A
KUN117 Visuell retorikk - 1-12 3
RET203 Medieretorikk - 1-12 3
RET207 Vår tids visuelle retorikk 15 1-12 3
Valgfritt 200-nivå emne i filosofi (krav: 15 SP)
Dobbel spesialisering i retorikk og gresk (krav: 150 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
RET101 Retorikk 15 1-12 2
RET102 Klassisk retorikk 15 1-12 2
GRE101 Gresk elementærkurs 15 1-12 4
GRE102 Gresk prosa og grammatikk 15 1-12 4
GRE103 Gresk: Attisk prosa 15 1-12 5
GRE104 Gresk: Epikk og lyrikk 15 1-12 5
GRE202 Gresk: Attisk drama 15 1-12 6
GRE251 Gresk: Jonisk og etterklassisk prosa med bacheloroppgåve 15 1-12 6
    Vel minst to emne
Emnekode Emnetittel SP S A
KUN117 Visuell retorikk - 1-12 3
RET203 Medieretorikk - 1-12 3
RET207 Vår tids visuelle retorikk 15 1-12 3
RET208 Praktisk argumentasjon 15 1-12 3
Dobbel spesialisering i retorikk og latin (krav: 150 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
RET101 Retorikk 15 1-12 2
RET102 Klassisk retorikk 15 1-12 2
LAT101 Latin elementærkurs 15 1-12 4
LAT102 Latin: Prosa og grammatikk 15 1-12 4
LAT103 Middelalderlatin - 1-12 5
LAT104 Latin: Romersk poesi, Catull og Ovid 15 1-12 5
LAT202 Latin: Romersk poesi, Horats og Vergil 15 1-12 6
LAT251 Latin: Romersk historieskriving med bacheloroppgåve 15 1-12 6
    Vel minst to emne
Emnekode Emnetittel SP S A
KUN117 Visuell retorikk - 1-12 3
RET203 Medieretorikk - 1-12 3
RET207 Vår tids visuelle retorikk 15 1-12 3
RET208 Praktisk argumentasjon 15 1-12 3
Dobbel spesialisering i retorikk og kunsthistorie (krav: 150 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
RET101 Retorikk 15 1-12 2
RET102 Klassisk retorikk 15 1-12 2
KUN110 Innføring i visuell kultur og kunsthistorie - 1-12 4
KUN117 Visuell retorikk - 1-12 5
KUN201 Kunstteori, estetikk og historiografi 15 1-12 6
KUN253 Antikken og den klassiske tradisjon med bacheloroppgåve 15 1-12 6
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
KUN112 Tidleg visuell kultur - 1-12 4
KUN114 Moderne biletekultur - 1-12 4
KUN116 Arkitekturhistorie - 1-12 4
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
KUN111 Antikk og tidleg mellomalder - 1-12 5
KUN118 Kunst og visuell kultur i Noreg - 1-12 5
    Vel minst to emne
Emnekode Emnetittel SP S A
RET203 Medieretorikk - 1-12 3
RET207 Vår tids visuelle retorikk 15 1-12 3
RET208 Praktisk argumentasjon 15 1-12 3
Dobbel spesialisering i retorikk og medievitenskap (krav: 150 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
RET101 Retorikk 15 1-12 2
RET102 Klassisk retorikk 15 1-12 2
MEVI101 Medier: institusjonar og historie 15 1-12 4
MEVI102 Medienes publikum: mediebruk og meiningsdanning 15 1-12 4
MEVI103 Medietekster: teori og analyse 15 1-12 5
MEVI104 Medier, representasjon og identitet 15 1-12 5
MEVI200 Bacheloroppgåve i medievitskap 15 1-12 6
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
RET203 Medieretorikk - 1-12 3
RET207 Vår tids visuelle retorikk 15 1-12 3
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
KUN117 Visuell retorikk - 1-12 3
RET208 Praktisk argumentasjon 15 1-12 3
Valgfritt 200-nivå emne i medievitenskap (krav: 15 SP)
Dobbel spesialisering i retorikk og nordisk (krav: 150 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
RET101 Retorikk 15 1-12 2
RET102 Klassisk retorikk 15 1-12 2
NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 15 1-12 4
NOLI103 Nordisk: Den eldre litteraturen 15 1-12 5
NOSP102 Nordisk: Moderne språk 15 1-12 4
NOSP103 Nordisk: Språkhistorie og talemål 15 1-12 5
RET255 Nordisk retorikk med bacheloroppgåve 15 1-12 5
    Vel minst to emne
Emnekode Emnetittel SP S A
RET203 Medieretorikk - 1-12 3
RET207 Vår tids visuelle retorikk 15 1-12 3
RET208 Praktisk argumentasjon 15 1-12 3
KUN117 Visuell retorikk - 1-12 3
Ett 200-emne i nordisk (krav: 75 SP)
Dobbel spesialisering i retorikk og litteraturvitenskap (krav: 150 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
RET101 Retorikk 15 1-12 2
RET102 Klassisk retorikk 15 1-12 2
ALLV101 Allmenn litteraturvitskap - Analyse, tolkning og genre 15 1-12 4
ALLV102 Eldre litteratur og poetikk frå antikken til 1700 15 1-12 4
ALLV103 Moderne litteratur og poetikk fra 1700 til i dag 15 1-12 5
ALLV104 Moderne litteraturteori 15 1-12 5
RET256 Litteraturvitskapleg retorikk med bacheloroppgåve 15 1-12 6
ALLV202 Allmenn litteraturvitskap: Litterært særemne 15 1-12 6
    Vel minst to emne
Emnekode Emnetittel SP S A
KUN117 Visuell retorikk - 1-12 3
RET203 Medieretorikk - 1-12 3
RET207 Vår tids visuelle retorikk 15 1-12 3
RET208 Praktisk argumentasjon 15 1-12 3
Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP)
Valfritt
SP S A
Utveksling 1 semester - -
Utveksling 1/2 semester - 15 stp - -
Utveksling 2 semester - -