Greetings from Spain!
Dette er eit øyeblikk eg har gleda meg til ei stund no: Mitt aller første innlegg på StudBlogg! Marita er navnet, kroppen er 20 år gammal, og publiseringen av denne innlegget går for seg i Spania, nærare bestemt Lanzarote, der eg er for å besøke besteforeldra mine denne veka. (Og på grunn av internett-trøbbel som har ramma heile øya, blir dette eit kjapt innlegg om mi oppgave i StudBlogg, og kvifor eg representerer akkurat det temaet eg gjer.)
Eg elsker å reise og oppleve andre kulturer, og eg er veldig glad i språk. Det er kanskje derfor ikkje så stor overraskelse at eg er StudBlogg sin språk-representant. Eg går USA-studier, som i august 2007 var eit heilt nytt studieprogram ved universitetet, og eg planlegger å spesialisere meg i Engelsk. I tillegg til dette har eg ambisjoner om å lære meg ein del andre språk enn dei eg allerede kan nok til å kommunisere med folk (henholdsvis norsk, engelsk, og tysk), problemet blir berre å velge KVA språk eg skal fokusere på. Eg er ikkje sikker på kva verdensrekorden i grenen eg-kan-snakke-flest-språk-flytande faktisk er, eller om det fins ein rekord av den typen, men hvis eg klarer å lære meg alle språk eg har lyst å lære meg, er eg rimelig sikker på at eg slår den. Tida får vise kor mange språk eg rekker å lære meg, men på grunn av dei forskjellige språkene ein kan studere ved Universitetet i Bergen (noko eg har plan om å komme tilbake til i seinare innlegg, så følg med!), har vennane mine komt til den konklusjon at eg kjem til å studere til eg er minst 40.
Til slutt vil eg sei at det er utrulig spennande å få være med og jobbe med StudBlogg for at framtidige studentar skal kunne få eit innblikk i korleis det er å være student ved Universitetet i Bergen.
Følg med vidare: Neste innlegg er ikkje langt unna!

Hihi, da var det din tur i år ja. Lykke til, jeg gleder meg til å lese om ditt syn på studenttilværelsen =)
Takk for det! =)