Arkiv for March, 2009

Rot deg ikkje bort i studiejungelen!

Monday, March 16th, 2009

Då eg i 2005 skulle søke opptak til høgare utdanning, var eg temmeleg sikker på at det var innan samfunnsvitskapen eg skulle utdanne meg. Eg enda med å sette bachelor i medievitenskap ved UiB som førsteval, og sette i gong med studiane hausten 2005. Eg hugsar faktisk ikkje heilt kvifor det vart medievitenskap, og har tidvis angra på valet, fordi eg seinare fann ut at det eksisterte studium som kanskje kunne passa meg betre, men som eg ikkje ein gong var klar over fanst. (more…)

Stress. Eller moro, som studentar kallar det.

Friday, March 6th, 2009

Først må du søke. Så må du komme inn. Du må flytte, men først finne bustad. Så skal du finne dei rette bygningane, treffe dei rette folka, gå på dei rette festane. Kanskje bruke dei rette kleda, meine dei riktige tinga og lytte til den riktige musikken?

Du skal melde deg opp til eksamenar, du skal godkjenne utdanningsplanar. Må kjøpe pensum, må finne Studia - kvar var Studentsenteret, sa du? Har ikkje pengar til å kjøpe bøker, har gløymt å returnere gjeldsbrevet til Lånekassa. Eller gløymt å søke. (more…)