Rot deg ikkje bort i studiejungelen!

Då eg i 2005 skulle søke opptak til høgare utdanning, var eg temmeleg sikker på at det var innan samfunnsvitskapen eg skulle utdanne meg. Eg enda med å sette bachelor i medievitenskap ved UiB som førsteval, og sette i gong med studiane hausten 2005. Eg hugsar faktisk ikkje heilt kvifor det vart medievitenskap, og har tidvis angra på valet, fordi eg seinare fann ut at det eksisterte studium som kanskje kunne passa meg betre, men som eg ikkje ein gong var klar over fanst.

Difor er det viktig at du som skal ta til med studiar til hausten faktisk undersøker litt rundt kva moglegheiter du har. Eg har ein mistanke om at søkartalet på jus, psykologi og medisin er høge av den enkle grunn at det er desse yrka som er mest kjende for “folk flest”. Det finst utallige andre yrke og utdanningar enn mange gjerne veit. Visste du til dømes at du ved UiB kan studere utviklingsstudiar, fiskehelse eller retorikk? Eller medievitenskap, for den saks skuld? Truleg er dette studiar du ikkje kjende til før du slo opp i studiekatalogen. Eller kanskje ikkje før eg nemnde dei her?

Dersom du skal ta til med studiar til hausten har du valmoglegheiter i hutt og pine. Det kan vere kjekt med slik valfridom, men huff, det kan fort bli veldig stressande òg. No er det 30 dagar igjen til søknadsfristen for hausten 2009 går ut. Har du bestemt deg for kva du skal studere?

Legg igjen et svar