Klokka er 06.30 tysdag morgon. 6 studentar frå 6 ulike studiestadar har kjempa seg gjennom det kraftigaste snøvêret i Oslo på over 40 år, og sit no og halvsøv i bilen på veg mot Nesodden VGS og atter nye presentasjonar for atter fleire unge og lovande. Vi bur på dag 7 på ein folkehøgskule med fellesdusj, køyseng, lugubre lukter og kjøttpudding til middag. Avstandar gjer at vekkarklokka må stillast inn på umenneskelege tidspunkt. Kvardagen denne månaden er noko utanfor det vanlege for oss godt vande studentar. Det einaste som minner om normalen er klager frå naboane fordi vi bråkar (vel å merke bråkar vi no fordi vi står opp for tidleg om morgonen, og ikkje fordi vi festar om natta).
Kvifor gjer vi dette? Og kva driv vi i grunnen med? Ikkje få av mine vener har lurt på kvifor eg, jenta som er så glad i Bergen at ho nesten aldri reiser heim til Sunnmøre, plutseleg har lagt seg inn på firemannsrom ved ein folkehøgskule like utanfor den store, skumle hovudstaden. I ein by kor ein må ta T-bane, trikk eller tog dagleg. Kor gjengane ved Oslo S er så store at du berre kan le av fjortisane på Bystasjonen i Bergen, og kor ein ser avdanka TV-kjendisar handle på Kiwi laurdag kveld (i Bergen ser eg berre Helge Jordal, men då i det minste ganske ofte).
Eg er tilsett som studentambassadør for Universitetet i Bergen (UiB), og har som éin av seks frå UiB fått lov til å reise rundt på vidaregåande- og folkehøgskular, i Oslo, Akershus og Østfold for min del. Her bur og jobbar eg saman med 5 andre representantar frå øvrige universitet, høgskular, fagskular og byar. Vi prøver å halde oss for gode for interne diskusjonar om kva studiestad som er best og har det mest levande studentmiljøet (altså, det er jo sjølvsagt Bergen, men eg skal trass alt bu med denne gjengen i tre veker til, så eg held kjeft).
Vi skal rettleie årets avgangselevar, det første kullet som fullt og heilt er kunnskapsløfta, slik at dei kan finne fram til den byen og skulen som passar dei best. Vi møter alt frå seriøse elevar som skal inn på medisin, koste kva det koste vil, til mindre seriøse som blir ven med meg på Facebook, kor dei først merkar seg sjølv på bilete og kommenterer kven som ser mest bra ut, før dei ber meg slette biletet. Vi ved UiB har i år nemleg fått oss eigne profilar på Facebook, kor elevar kan nytte sjansen til å få med seg uformell informasjon om UiB som studiestad, eller stille spørsmål om kva som helst, når som helst (endeleg kan eg dyrke min lidenskap for Facebook utan å bli mobba for det). Nettopp dét håpar eg årets elevar gjer spør! Om ikkje på Facebook, kanskje på mail, på telefon, eller på eit av våre skulebesøk over heile landet. Du kan aldri få nok informasjon, og det verste som kan skje er at du faktisk treff rett studium på første forsøk.
Sjølv hugsar eg ingenting av det som vart sagt då min skule for fire år sidan hadde besøk av representantar for høgare utdanning, og eg var ein del av publikum. Eg hugsar kva eg hadde på meg (grøn trailercaps, veldig lekkert), og eg hugsar nøyaktig kor eg sat. Eg hugsar kva mine klassekameratar fortalde at dei hadde gjort kvelden før
men altså ikkje kva som vart sagt på scena. Hadde eg då vore klar over kor lett det kan vere å berre spør i etterkant, hadde eg nok gjort det. Heldigvis valde eg likevel det rette studiet for meg, sjølv om innstillinga tidvis har vore heller negativ (skule er skule, og slik vil det alltid vere). No håpar eg at eg og mine medarbeidarar kan bidra til at du som skal søke studiar i år finn fram til det du er aller mest interessert i, slik at også du om nokre år kan tenke tilbake på utdanninga di og vere glad for at du valde riktig. Hugs at det du vel å studere, òg vil vere det du skal jobbe med resten av livet ditt. Det er ikkje mor di eller veninna di som skal jobbe med det, så vel ut frå kva du faktisk vil! No merkar eg at eg byrjar bli skremmande, og at eg kanskje gir deg framtidsangst. Då er det fint å vite at ved UiB vert du ikkje låst fast, for vi gjer det enkelt å ombestemme seg undervegs. Vi gir deg all verdas moglegheiter, og vil at du skal ta nytte av desse. No skal eg gje meg før eg byrjar skrive om alle moglegheitene vi tilbyr, så vil du høyre meir kan du følge med her på Studblogg framover, du kan legge meg til som ven på Facebook, eller du kan sjekke ut Studlink. Og for all del: SPØR!