Bergen PAQ (Possibly Asked Questions)
“Bergen? Hvor er det’a?”
Somme er ikkje sikre på kor i landet Bergen ligg. Andre meiner Bergen ikkje eingong er ein del av landet, men dét er ein annan diskusjon. Eg vil gjerne seie noko om Bergen som by og studiestad, for eg er stolt over å ha vore student i den vakraste byen i Noreg i over tre og eit halvt år. La meg ta for meg somme av spørsmåla eg har møtt på min veg som studentambassadør for UiB på Austlandet. Men først, ein imaginær faktaboks:
Bergen ligg omtrent midt i landet ganske greitt plassert i forhold til stort sett alt anna enn Kirkenes (men kom gjerne hit dersom du er frå Kirkenes òg)! Hit går tog, fly, snøggbåt og buss, samt hurtigrute, som ikkje anbefalast som framkomstmiddel på vinterstid. Bergen er kjent for ting som skeive trehus på Bryggen, fotballegender i Brann, turistmagneten Fisketorget, banen opp mot Fløyen og pingvinar på Akvariet. For tida står byen litt på hovudet for å skape rom for Bybanen, som etter kvart skal gjere byen enda betre å bu i. Og sidan det frå før av ikkje er så verst å bu i Bergen, kan eg skrive under på at det skal bli bra!
“Hvorfor skal jeg studere i Bergen når jeg finner alt i Osschlo’a?”
Vel, du får flytte bort frå mamma - grunn nummer éin, og grunn god nok for meg. Eg veit at mange gler seg til å kome bort frå bygda eller byen kor ein har budd i 19 år. Og skal du først ut frå reiret, er Bergen ein fin by.
Eg likar å seie at Bergen er stor, men samtidig ganske liten. Og så brukar eg klisjeen at det skjer noko med deg som student i Bergen (og så ler eg litt etterpå og seier “neida”, men eg meiner det, altså)!
Livet som student i byen mellom dei sju fjell er bra. Veldig bra. Fantastisk bra, faktisk. Studentane utgjer ein grei andel av innbyggjartalet i byen, og mykje er tilrettelagt for at vi skal ha det best mogleg. Vi har mellom anna Studentsamskipnaden, som tilbyr bustad, treningssenter og kafé, for å nemne noko. Vi har utestader som Hulen og Kvarteret, som drivast av og for studentar (og ein heil haug med andre utestader som ville vore tomme utan oss). Vi har organisasjonar og lag for det meste; Studentavis, studentradio, studentteater, studentidrettslag, studentpolitikk, studentkor og stort sett alle andre ting du kan kombinere med ordet “student”. Mykje av byens kulturliv er drive for oss, og enda meir er drive av oss. Og difor, kjære ven, skal du studere i Bergen!
“Er ikke bergensere litt rare?”
Vel..jau? På skulebesøka våre har vi vist ein film om Bergen som studentby; “BÆÆÆRRRGEN” seiast det i filmen, og elevane ler og prøver seg på eit ekte bergensk “ærrrrrr”. Jada, bergenserar er nok litt spesielle, men absolutt ikkje så forferdelege som mange (tydelegvis) trur. Du venner deg med tida til den bergenske talemåte og stoltheit. Eg har veninner som seier dei har teke til seg denne stoltheita, og som i Brann si glanstid stod på Torgallmenningen og song “tjukk og feit og full og seriegull”, trass i deira avstamming frå heilt andre kantar av landet.
Skulle du bestemme deg for å bli bergensar (som for øvrig mange meiner er ein beskytta tittel), må du rekne med å bli vand med å alltid gå med paraply i veska, byrje å seie “boss” i staden for “søppel”, for ikkje å snakke om å bli kjend med fenomenet buekorps. Er du heldig, slepp du å gjere sistnemnde like utanfor soveromsvindauget ditt ein fin søndagsmorgon rundt klokka 08. Somme sider ved bergenserar vil du raskt lære deg å like. Andre ting vil du melde deg inn i hatklubb mot. Men éin ting lovar eg deg; du vil trivst som student i Bergen!

Legg igjen et svar