What to choose, what to choose…?
Friday, February 22nd, 2008Eg har lenge vore fast bestemt på at eg ville studere språk, anten gjennom eit Bachelorprogram i Språk, eit Årsstudium i Språk, eller ved å velge det som spesialisering i ein annan Bachelorgrad. Då eg skulle søke, følte eg at eg svømte i eit hav av studieprogram og språk-spesialiseringer eg kunne velge mellom. Innanfor språk har nemlig UiB mange muligheter, og eg skal gjere eit forsøk på å presentere nokre av desse.
For det første fins det, til glede for alle språk-elskere der ute, ein egen Bachelor i Språk ved UiB, med mange forskjellige språk å spesialisere seg i: Nordisk, engelsk, tysk, fransk, spansk språk og latinamerikastudier, italiensk, russisk, arabisk, og japansk, til dømes. Her er det noko for ein kvar smak! Dersom du vil studere språk, men ikkje vil ha eit reint språk-program som inkluderer IT, til dømes, fins det Bachelorprogram som Språk og Informasjon, og Språk og Interkulturell Kommunikasjon. (Det sistenevnte studiet er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen og Norges Handelshøgskole, og kan lesast meir om i denne artikkelen på UiB sin Studentportal og NHH si internavis Paraplyen.)
Er du interessert i emner som amerikansk historie, europeisk politikk, eller midtausten og islam, og har lyst å studere det, men samtidig har eit ønske om å studere språk? Ja takk, begge deler, som Ole Brumm seier. Det er mulig å få begge ønsker oppfylt!
Du kan til dømes velge Bachelor i Midtaustenkunnskap med spesialisering i Arabisk, Bachelor i Europastudier med spesialisering i tysk, eller, som eg valgte: Bachelor i USA-studier med spesialisering i engelsk. I mitt studieprogram får eg kombinere fag innanfor engelsk-spesialisering med amerikansk politikk, historie, litteratur og kultur, i tillegg til 30 frie studiepoeng, noko eg synast er utrulig spanande!
Mange muligheter, ja, og noko for ein kvar smak. Kva velger DU?
