No nærmer det seg fristen for å fylle opp dei ti alternativene på søknaden gjennom Samordna Opptak! For å overbevise deg som lesar om at Bergen er den beste studentbyen, vil eg fortelle litt om ein av dei tinga som gjer at EG elsker å være student i denne fantastiske vestlandsperla av ein by: Studentsamskipnaden i Bergen!
Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) har eit hav av tilbud for studentane i Bergen, både gratistilbud, og tilbud til rimelige priser. SiB-kaféar og kaffebarer spredt rundt omkring på campus, heile sju SiB-barnehagar, trening til studentvennlige priser, helsestasjon, tannhelsetjeneste, psykolog, rimelige og koslige SiB-hybler, og mykje meir. Då gjekk på vidaregåande og skulle søke om utdanning, hadde eg ikkje hørt om SiB før. Første gong eg hørte om det, var då ein kjenning tipsa meg om studenthyblane, men det var ikkje før eg flytta til Bergen for å studere, at eg fant ut kva SiB EGENTLIG var. I dette innlegget vil eg fortelle litt om korleis eg benytter meg av tilbudene som medlem av SiB, slik at de som er i samme situasjon som eg var for nokre år sidan, veit kva muligheter de har.
For det første bur eg jo, som mange kanskje allerede har fått med seg, i SiB-hybel på Gyldenpris. Her bur eg rimelig, nær campus, i ein koselig liten hybel. (For meir informasjon om hybelen, sjekk mitt forrige innlegg Home, Sweet Home).
Vil du fortsette ein diskusjon frå forelesningen med nokre av dine medstudenter? Eller vil de kanskje berre fylle magane mens de snakker om andre ting enn fag? SiB-kaféane er ein perfekt og koselig møtestad for studentar! Her blir det servert god mat, og ikkje minst god kaffi (som eg er blitt avhengig av etter at eg begynte å studere) til rimelige priser.
Det tilbudet eg sannsynligvis er aller mest avhengig av, er SiB sitt treningstilbud. SiB har heile fem forskjellige treningssenter på: Lehmkuhlhallen, Fantofthallen, SiB sentrum treningssenter, Vektertorget, og det splitter nye Studentsenteret (sistenevnte inkluderer badebasseng!). Her kan ein trene på egenhånd med diverse apparat, eller gruppeaktiviteter som step, street dance, spinning, pilates, yoga, og mykje meir. Som medlem av SiB får du svært rimelig pris på halvtårs-medlemskap på treningsstudio, og du treng ikkje trene mykje for at du tjener på det. Dersom du ikkje rekner med å trene så mykje, kan du betale for drop-in til rimelig pris. Sjølv har eg medlemskap, og eg er ganske avhengig av trene for at eg skal fungere i kvardagen. For å lese meir om trening gjennom SiB, klikk her.
Tilbudet eg er nest mest avhengig av, er tilbudet om refusjon av legeutgifter eller andre helseutgifter. For meg, er det refusjon av utgifter til kiropraktorbehandlinger som er viktig. Etter at eg oppdaga dette tilbudet, har eg fått refundert hundrevis av kroner, noko som har vore til stor hjelp for økonomien min, og heilt sikkert for alle andre studentar som veit om og benytter seg av tilbudet! Er du nysgjerrig på akkurat KVA utgifter du kan få refundert? Klikk her.
Eg vil anbefale alle som tenker å studere i Bergen om å utnytte tilbudene SiB har. Det har i alle fall vore med på å gjere min studiekvardag lettare og kjekkare!