SiB: Gotta Love It!

No nærmer det seg fristen for å fylle opp dei ti alternativene på søknaden gjennom Samordna Opptak! For å overbevise deg som lesar om at Bergen er den beste studentbyen, vil eg fortelle litt om ein av dei tinga som gjer at EG elsker å være student i denne fantastiske vestlandsperla av ein by: Studentsamskipnaden i Bergen!

Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) har eit hav av tilbud for studentane i Bergen, både gratistilbud, og tilbud til rimelige priser. SiB-kaféar og kaffebarer spredt rundt omkring på campus, heile sju SiB-barnehagar, trening til studentvennlige priser, helsestasjon, tannhelsetjeneste, psykolog, rimelige og koslige SiB-hybler, og mykje meir. Då gjekk på vidaregåande og skulle søke om utdanning, hadde eg ikkje hørt om SiB før. Første gong eg hørte om det, var då ein kjenning tipsa meg om studenthyblane, men det var ikkje før eg flytta til Bergen for å studere, at eg fant ut kva SiB EGENTLIG var. I dette innlegget vil eg fortelle litt om korleis eg benytter meg av tilbudene som medlem av SiB, slik at de som er i samme situasjon som eg var for nokre år sidan, veit kva muligheter de har.

For det første bur eg jo, som mange kanskje allerede har fått med seg, i SiB-hybel på Gyldenpris. Her bur eg rimelig, nær campus, i ein koselig liten hybel. (For meir informasjon om hybelen, sjekk mitt forrige innlegg ”Home, Sweet Home”).

Vil du fortsette ein diskusjon frå forelesningen med nokre av dine medstudenter? Eller vil de kanskje berre fylle magane mens de snakker om andre ting enn fag? SiB-kaféane er ein perfekt og koselig møtestad for studentar! Her blir det servert god mat, og ikkje minst god kaffi (som eg er blitt avhengig av etter at eg begynte å studere) til rimelige priser.

Det tilbudet eg sannsynligvis er aller mest avhengig av, er SiB sitt treningstilbud. SiB har heile fem forskjellige treningssenter på: Lehmkuhlhallen, Fantofthallen, SiB sentrum treningssenter, Vektertorget, og det splitter nye Studentsenteret (sistenevnte inkluderer badebasseng!). Her kan ein trene på egenhånd med diverse apparat, eller gruppeaktiviteter som step, street dance, spinning, pilates, yoga, og mykje meir. Som medlem av SiB får du svært rimelig pris på halvtårs-medlemskap på treningsstudio, og du treng ikkje trene mykje for at du tjener på det. Dersom du ikkje rekner med å trene så mykje, kan du betale for ”drop-in” til rimelig pris. Sjølv har eg medlemskap, og eg er ganske avhengig av trene for at eg skal ”fungere” i kvardagen. For å lese meir om trening gjennom SiB, klikk her.

Tilbudet eg er nest mest avhengig av, er tilbudet om refusjon av legeutgifter eller andre helseutgifter. For meg, er det refusjon av utgifter til kiropraktorbehandlinger som er viktig. Etter at eg oppdaga dette tilbudet, har eg fått refundert hundrevis av kroner, noko som har vore til stor hjelp for økonomien min, og heilt sikkert for alle andre studentar som veit om og benytter seg av tilbudet! Er du nysgjerrig på akkurat KVA utgifter du kan få refundert? Klikk her.

Eg vil anbefale alle som tenker å studere i Bergen om å utnytte tilbudene SiB har. Det har i alle fall vore med på å gjere min studiekvardag lettare og kjekkare!

2 responser to “SiB: Gotta Love It!”

  1. Køddar du? sier:

    Du uskyldige, naive, unge ting. Du har tydelegvis ikkje fått med deg så mykje om korleis SiB fungerer.

    Eg budde tidlegare på SiB sin bustad på Alrek.

    Eksempel 1: Utan forvarsel stengte dei badet vårt på Alrek i 6 veker for oppussing. Vi var 16 personar på eitt bad i halvanna månad midt i eksamenstida. Vi fikk ingen kompensasjon eller avslag i husleiga. Vi fikk ingen varsel om når og korleis arbeidet skulle foregå. Den morgonen eg skulle ha munnleg eksamen blei eg vekt klokka halv sju av eit murbor i veggen vis-a-vis.

    Eksempel 2: Saman med andre bebuarar signerte eg eit opprop der vi ba om litt nytt utstyr til treningsrommet på Alrek. Dette er (var?) eit godt tilbod med gratis trening, men utstyret var veldig slitt. Dette var svaret frå SiB (og eg siterer) : “Vi vil ha oss frabedt mer mas om treningsrommet. Studenter skal trene på våre treningssenter (som er overfylte og kostar pengar, min merknad). Dersom det blir noe bråk om dette mer vil vi se oss nødt til å stenge rommet og revurdere deres leieforhold.”

    Eksempel 3: Eit rundstykke med pålegg på SiB-kantina BBB kostar 25 kroner. Er dette “studentvennlege” prisar?

    Eksempel 4: “Rimelege og koselege studenthyblar”? Då eg budde på Fantoft halvåret før eg flytta til Alrek fann naboane kakkerlakkar på kjøkkenet. Koseleg.

    Eksempel 5: To kameratar av meg som trente fast på treningssentera på SiB eit halvår (Studentsenteret og Fantoft) loggførte kor mykje ventetid dei hadde for å få trent. Dei logga at dei for å få trent 100 timar venta dei cirka 180 timar.

    Eksempel 6: Sidan eg bryja å studere har SiB betra tilboda sine på denne måten - kutta 8 timar av opningstida på kantina på BBB i veka, lagt ned middagsserveringa og lagt på prisane, auka husleigene med mellom 20 og 40 % (på Natland og Minde er SiB-hyblane så dyre at dei er med på å drive opp prisane i nabolaget), stengt resepsjonen på Alrek og kutta talet på legar dei har avtale med.

    SiB-ansattes slagord : “Vi skal ha det godt på bekostning av studentane i Bergen.”

    For dei som vil sjå korleis ein ordentleg studentsamskipnad blir driven, vil eg vise til Studentsamskipnaden i Trondheim - http://www.sit.no - der eg studerte i to år. Dei har eit tenestetilbod som langt overgår SiB. 8Der har dei forøvrig også eiga legeteneste og refunderer inntil 6000 kroner i helseutgifter frå kroner 1,- (innanfor visse grenser sjølvsagt) - til info for dei med store helseutgifter.)

  2. Marita sier:

    Det ser ut til at me to har forskjellige oppfatningar av SiB, og det er lov.

    Eg trur ikkje at lesarane av StudBlogg er interessert i at eg skal gå i debatt med deg på kvart avi punkta du nevner. Det viktigaste for lesarane er nok at SiB har det mange studenter vil oppleve som eit godt tilbud.

    SiB har svært mange brukarar, og då er det jo forståelig at nokre av brukarane opplever ting som ikkje alltid er like positivt, men eg har sjølv veldig positive erfaringer som SiB-bruker. Dei eg kjenner og har snakka med, har også stort sett berre positive ting å seie om tilbuda dei får gjennom studentsamskipnaden.

    Såklart er det jo forbedringspotensiale! Det er ingen studentsamskipnad i dette landet som er ”perfekt”. Eg meiner i alle fall at det nye studentsenteret i Bergen er eit steg i riktig retning for å forbedre SiB!